bacalao kaffi svele

portrettiaa280.jpg (15991 bytes)

Heimelaga bacalao, kaffi og sveler

Nynorsk kultursentrum byr inn til eit ope møte, søndag 16.februar 2003, om festspela til sommaren. Janne Karin Støylen, som er programansvarleg, skriv:

"Vi treng folk som vil delta med idear eller andre typar innspel, og som kanskje også har lyst til å vere med på laget når festspela vert arrangert 25.-29.juni 2003. No har vi litt erfaring etter 3 festspel i vår regi, og ein viktig konklusjon er at festspela kan bli både smale og små om vi ikkje har folk i Volda og Ørsta i ryggen. - I byte med idear og innspel tilbyr vi heimelaga bacalao, kaffi og sveler i kafeen, som for høvet er fullt av teikneseriar frå born over heile landet."

Og dugnad vart det! Her kan du sjå ein serie på fem bilete: Trykk!


Nettstaden Hugen vil elles oppfordre folk som er på nettet til å sjå innom

www.aasentunet.no

Gi deg tid, og lat det ikkje vere med ein visitt. Her er meir å bisne på enn nokon kunne tru!

Heimskringla        Hugen