"Likestilling er respekt for liv."

Aud Folkestad i Aasentunet på Kvinnedagen 2003

 

audfolkestad12.jpg (32198 bytes)

Aud Folkestad heldt foredrag for dagen og tok utgangspunkt i romanen "Kvinnen og den svarte fuglen" av Nini Roll Anker (1875 - 1942). Boka vart skriven i byrjinga av 2.verdenskrig, like før forfattaren døydde. Nini Roll Anker er riven av sorg over å sjå korleis håpet om fred blir trakka ned av den framstormande krigsgalskapen. Ho ropar ut eit skrik om at valdskreftene må stoggast. 

"Kvinnesak gjeld likestilling, og likestilling gjeld respekt for liv," sa Folkestad.

I foredraget henta ho frå mange kjelder i norsk kvinnehistorie og frå norske diktarar. Ho fortalde vidare om sine eigne erfaringar som kvinne i politikkken, der det framleis er mykje ubrøytt mark å rydje før det finst ei konsekvent og reell likestilling.

(Bildet av Aud Folkestad er teke av Karin Loe.)

 

 

   ninira.jpg (4640 bytes)

Nini Roll Anker (1875 - 1942)

 

Heimskringla          Hugen