am ag 125.jpg (15395 bytes)

Danseglede og annleis-snert!

Ørsta og Volda internasjonale folkedanslag jubilerer - og dansar vidare

 

Glede og humør, fargar og rytme, - med ein spennande annleis-snert! Slik opplever folk det når medlemmene i Ørsta og Volda internasjonale folkedanslag svingar seg i ein "Krivatvoreno Kolo" eller ein "Hasapikos" .

Laget har 20-års jubileum no om dagen. I alle desse åra har dei lært seg dansar frå mange av Balkan-landa. For det norske øyret og den norske dansefoten byr desse tonane i sin særprega rytme på herleg musikk og medrivande takter. Laget er blitt kjent og populært frå alle dei festlege framsyningane dei har gitt til beste på ulike arrangement, innandørs og i friluft. Dei fargerike dansedraktene og den varierte og spennande musikken spreier glede og varmar i hjartet. Laget held lokale kurs i Ørsta og Volda, men reiser også på turar til Hellas og andre land. Slike opphald blir ein kombinasjon av å lære og å øve på nye dansar, og å nyte ferielivet på oppdagarstreif mellom lokale attraksjonar og i rekreasjon på ei veltemperert og solrik badestrand.

Laurdag 22.mars 2003 var det stor 20-års fest på Samfunnshuset i Volda. Det var duka hyggeleg og smakfullt på småbord, og salen var pynta og stelt med levande grønt og ei utstilling av drakter og husflid frå landa som laget hentar dansane ifrå. Og denne gongen hadde festen levande musikk! Gruppa Yggdrasil var innleigd for høvet. Desse dyktige og stilsikre musikarane skaper ein atmosfære som eine stunda fører ein til ein gresk landsbyfest for så å gjere ein til gjest ved eit bryllaup i Bulgaria. Best det er allierer dei seg med dei andre musikarane på scenen, og det kjem duvande ein vals eller susande ein swing.

Danselaget viste dansar i tre avdelingar, og det vart gjort stasleg og feiande flott med smil og energi. Dei deler raust av sin sjarm og si danseglede, - dei dansar med krut og kompetanse! Programleiar Hanne Hauge meinte at internasjonal folkedans også er godt fredsarbeid.

Spelemannslaget Fastlandsfolk var med på å skape trivsel og hygge, likeins trekkspelaren Milan Ilic. Staute "torsdagsdansarar" frå Volda frilynde ungdomslag viste sikker og spenstig gammaldans

Folkedanslaget markerte jubileet ved også å halde eit kurs desse dagane. Instruktør var Velko Yovkov frå Bulgaria, og han var med under feiringa. Til sommaren skal laget nettopp til Bulgaria for å ha kurs og ferieopphald. Han som skal vere instruktør under opphaldet, Zjeko, var også til stades under festen.

Det var spekematbuffet og kakebord, - og etter kvart dans for alle, må vite!

 

am og ag.jpg (63028 bytes)

Anne Marie Øyehaug (t.v.) var leiar i laget dei første åra, seinare tok Anne Guri Sylte (t.h.) over og er leiar i dag. Begge desse to er dyktige og ivrige dansarar som også instruerer med mildskap og mynde. Her deler dei på å gi det historiske attersynet under jubleumsfesten.

 

andr og mil.jpg (78441 bytes)

Mykje og variert levande musikk gav festen ein ekstra nerve. Her er Andreas Vermelius i gruppa "Yggdrasil" (t.v.) i presist samspel med vår lokale Milan Ilic.

(Kjelde: Møre-Nytt)

Heimskringla              Hugen