Lyon

Brev frå Hallvord Reiar

Kjære familie, vener og kjende!

Utanfor glaset sprett lauvet over Croix Rousse-klippene på
andre sida av Saonen. Kirsebærtre i blom skriv Japan-minner inn
i bybiletet, lønnetrea minner oss om Noreg. Nedstrøms frå oss
vil Saonen slynge seg om Fourviere-klippa med prakt-katedralen
og møte Rhonen.

Litt inne på land går jernbanen sørover frå Vaise, skjær på
selje-overgrodd voll mellom byfornyings-byggjeplassar og
bilverkstader - og lengst inne i ei blindgate, i same slags
låge, bølgeblikk-dekka hus som verkstadene held Compagnie de
Danse Hallet Eghayan til. Eit romsleg studio der grovbygde
Michel ruver over dei små jentene han retter på gjer også nytte
som kompaniscene med lys- og lydutstyr og eit par hundre grå
plastikksete som vibrerar når godstoga går forbi rett over
taket.

Vi er i Lyon midlertidig på ubestemt tid, som lærling og
kanskje med arbeid i vente. Nye vaner har rissa furer i
kvardagen vår, men fortsatt dreier alt seg om trening og data,
nokså strengt separert i kvar sin tidsbolk av dagen: Frå 9:30
til 2 eller 4 er alt oppvarming, teknikk, styrke, tøying og
repertoar, så etter ein ti minutts løpetur mot krypinnet vårt
på elvebreidden er det tid for HTML, CSS, JavaScript, PHP og
djupe dukk i koden under overflata på diverse nettsider. Tre
dagar i veka er det også kveldstimer med dans, og våre små
bærbare må passe seg sjølv att mellom 6 og 9. Det er langt frå
eit 9-4 liv vi har skaffa oss..

Kva har arkitekten le Corbusier, Gilgamesh-eposet og Darwin si
utviklingslære til felles? Michel finn koreografisk inspirasjon
i alle tre. Vi jobber med ein dans for det naturhistoriske
museet om uviklingslæra, hittil er det mest apestrekar. Michel
var elev av sjølvaste Merce Cunningham men jobber i meir
"moderne" enn "postmoderne" stil for den som vil ha ein bås.
Danseteknisk sett har vi absolutt hatt utbytte av denne
vinteren om vi blir her eit år til eller ikkje.

Av statistikken går det fram at eg har sett på vel over ti
tusen problem for Opera Software og arbeidet er fortsatt like
lærerikt! Delvis er det avdi Opera er langt meir avansert enn
da eg fekk jobb, og vi ser på nært hald utviklinga av stadig
nye måter å arbeide med nettsider på, nye standarder og idear
frå W3C, i RFC-dokument og frå opne grupper - den fascinerande
prosessen som driv utviklinga på nettet framover! Rett nok går
det seint med å taka i bruk det nye når dei fleste på nettet
brukar utdaterte Internet Explorer og ikkje ser nokon grunn til
å lære seg andre ting, men det er likevel interessant å sjå dei
nye metodane bli til.
--
Lyon-helsing frå Hallvord Reiar
Ring eller mail om du kjem til Frankrike! +33 (0) 4 72 85 92 14

For kontakt med Hallvord Reiar på nettet:

http://www.hallvord.com/mail.php

(April 2004)

Spor på nettet:
http://www.ciehalleteghayan.org/
http://www.opera.com/
http://www.roadpeace.org/internetmemorials/
http://www.hallvord.com/


Hugen  - Hugen menu          Heimskringla