Mellom mumlande merkesteinar

og angande vekstar

Kjell Einar Fjørtoft

amdam01.jpg (89213 bytes)

 

Få stader er vel stilla så god, og ettertanken så fredfull som der minne myldrar. Og kva annan stad kan vel dette opplevast sterkare enn der ein verkeleg møter minna andlet mot andlet. Så som ein opplever det på gravplassen, om ein tek turen dit.

Og det gjer ein no, ein sjeldan gong. Tek seg ein tur, med ope sinn, for å finne ro og minne. For det er rart i grunnen, at på denne staden, attom ei livdgjevande rekkje med bladbugnande asal skjermande stunda frå støy frå trafikk på bygdevegen, kan finnast slik fred og god stille.

I snorrette rader finst dei merkjesette her, alle dei som fór ein gong, anten det var slik eller slik, altfor tidleg alle. Her finst nok få, her, av minnesmerke sirleg pynta med prangande yrkestitlar. Sjølv om dei rettnok finst, slike og. Men det er no så lite hjelp i det, no. Nei, dei rodde nok slitande stilt langsmed landet dei fleste av dei nedsette her.

Og her tronar og råder kyrkjebygget, må vite. Stasklenodiet til det vesle øysamfunnet. Kyrkja, som er eit gammalt hus, og som overtok då Odin, naudhjelparen Tir og felagane deira forlet valen. Her har makta peika på synd og prakka på skuldkjensle med eine kinnet til, medan ein vendande godkinnet til, raust har lova von om himmelsk saligheit og æve dersom anger og bøn var sterke nok.

Og folk angra og bad. Samlast under prelatars velde. Lesne til frå tjukke bøker skrivne med uforståande gotisk skrift, eller med ’bibelbokstavar’ som det mellom vanleg folk vart nemnt. Fekk vite kva som var rett, og tyngdest av skuldkjensle, skjemdest, angra og bad.

Men, "makta minkar, og sinnet veks", nemnest eit gammalt uttrykk. Og det har faktisk vist seg at dette ikkje berre er tullprat, heller. Folk er nok ikkje så lettskremde, lenger. Difor er prelaten meir markedstilpassa vorten. Pengar styrer no verkeleg påpeikande finger. Og utan blygsel. Skål!

Men slik til kvardags rår stilla, heilt uroa. Merkesteinar, minne, nyslege gras, tusenfryd og vakkert blomepynta gravstader byr fred og ettertanke. Her kling stilt ein tone. Nynnar tonar du kjenner og har kjære. Her finst bilete av tolmodsrike besteforeldre. Her finst tankefár etter varm omsut. Her finst steinen med namna til far og mor. Mor, som rakk å nå rikdomen å få vere bestemor, og far, som ikkje rakk å verte bestefar. Far, som brukte kniv til å klippe neglane med.

Og innimellom minne kalla fram av levde liv, der kjem minne om mange og mangt stikkande fram. Minne om slikt som var. Minne om slikt som ikkje vart. Minne om mangt ønskt ugjort. Minne om henne du aldri fekk…

Og her finst det gode saknet.

Borte ved den store bautaen over dei som "bleiv" på havet, står eit spann fullt av regnvatn. Og der speglar seg tvers over yta, kabelen til lynavleiaren frå kyrkjetårnet. Men stundom kjem der skjelvingar i spegelbiletet, laga av små insekt som også går på vatnet. Vannløparar. Små krabatar som er så snare i snuinga at det er vanskeleg å fange dei med auga.

Her kjem mergen i mannen kviskrande. Trua. Draumen. Livskrafta. Og i botn ligg ein aksept av det faktum at kultur er nøkkelen til kva me vert som menneske. Me veit at me alle ber med oss ein biologisk arv, men denne arven avgjer ikkje haldningane og verdiane våre, - det er det kulturarven vår som gjer.

Trua på å gje kvar einskild ein identitet som samsvarar med den kulturen der ein høyrer til, og å arbeide for å styrkje trua på verdien av eigen identitet, og gje mot til å eksponere og representere denne. Det er det viktige.

Ein høyrer det sukkar, og sukkar der nede ved stranda. Og ein veit det er sjølve det veldige, evig reisande havet som ligg der og styn. Og ein veit at ein er ein del av dette, i flo, i fjøre og stundom i sjøstans. Men alltid skiftande, og alltid der.


Fotografiet øvst på sida er frå Galleriet ved storhavet/Atelier Amdam på Selje. Biletet syner to av dei tre båtane i installasjonen "Nordfjordfæring" som igjen er knytt til skulpturutstillinga "Tapre kystkvinner".  -  Foto: E.K.

"Inspirert av  Storhavet og med vissheten om båtens betydning for folk ved kysten, er Nordfjordfæringen gjenskapt i et moderne uttrykk; transparent farget glassfiber. Båtene er forminsket til 2 meter og vil stå "svevende" mot Stadhavet. Denne båttypen er et unikt produkt: lett å manøvrere, lett å ro, tar bårene flott og er lett å dra opp på steinute strender. Støpt i transparent glassfiber."

Kunstnerisk ide: Vigdis Wåge - Form og støpning: Gjert Solheim

Galleriet mot Storhavet: www.amdam-art.no


Hugen  - Hugen menu          Heimskringla

21.08.05