Leike-huset Kjell Einar Fjørtoft Omfamna av ei framfusen klyngje bjørketre ikkje langt frå kjøken-vindauget
mitt, og heller skakt, står leike-huset eg bygde til borna mine ein gong dei var små. No
er borna vortne store og ranke, men snikkaren er vêrsliten og skeiv, slik som leike-huset
har vorte det. Langt frå i den stand dei båe var i den gong dei starta på sin felles
siglas. Og eg var nok ikkje lite stolt den sommardagen der me stod, jentene og eg, og betrakta det ferdige, og nymåla, storverket vårt. Leike-huset. Raudmåla, med kvite lister og vindaugskarmar, og eit kvitmåla rekkverk rundt balkongen, må vite. Jentene hadde til og med vore borte hos grannen og fått ein hestesko, som me og hadde måla kvit, og spikra fast over inngangsdøra. Her var ingen ting overlate til tilfeldigheitene! Me var fornøgde med det me hadde fått til. No var det berre opp til sumarnatta, og ein solsteikande morgon å tørke målinga og gjere huset klart til innflytting. Inne i huset hadde me spikra opp bord, og benker der det var plass til to på kvar benk. Eventuelle gjester som skulle trakterast, og serverast heimebakte sandkaker og bestemor si solbærsaft, måtte ha skikkeleg sitjeplass, veit du.Og der var ein liten kjøkenbenk, ein heimespikra komfyr med tre påmåla svarte kokeplater, og steikeomn der ein kunne lage dei lekraste leike-kaker som ein sidan kunne pynte med løvetann, tusenfryd eller med andre fargeglade sommarblomar ein måtte ha for hand. Over kjøkenbenken hang eit lite skåp innehaldande eit nydeleg lite sett med servise og skaftety. Ein utrangert visp og eit gammalt kjevle var der og plass til. Og eit par små skåler, glas og koppar til å sette fram på bordet og by gjestane frå. Veggane var prydde med sirleg eigenteikna bilete, og med ein fargerik kalender frå nærbutikken, ein geskjeft som levde meir av gammal vane enn av lønnsemd. Men som gledde kundane sine kvar jul med ein ny og dekorativ kalender med fine bilete, som til dømes kunne pynte veggen i leike-huset til små jenter. Alt var klart og lagt til rette. Bestemor og oldemor hadde vore nedom og inspisert, og hadde vore fulle av lovord. Sjølv katten hadde vore på nyfiken vitjing, hadde stroke seg inntil eit hjørne, og hadde fått pelsen merkt med utørka kvitmåling. I morgon skulle det vere innviingsfest. Gjestene var inviterte. No var det berre
ei spenning-kriblande natts søvn før det nye vidunderet kunne takast i bruk, og jentene
var stolte eigarar av eige, raudmåla hus under bjørka. Spennande! Sjølv ein nesten full
måne, på ein berre så vidt mørknande sumarkveld, kika spent fram bakom Ramsberget
natta før premieren, minnest eg. Og det var som om all verda spent gledde seg
til neste dag
.. Dagen rann, og vidunderet under bjørka stod der og skein for all verda. Stod der stolt og smilte Velkomen hit! Ikkje så stort og vakkert handgjort, kanskje, men bygd i samhandling og vel vilje. Ein kvilestad i kvardagen, om ikkje anna. Livd for leik, og for seglande draumar.Slik kom dette vårt vesle monument til liva våre. Og slik har det vorte ståande i sol og i storm. Bjørkeskogen rundt har heile tida vakse somrane, og no vil nok bladkledde greiner snart omfamne den vesle stova heilt. Skakk og skeiv har ho og vorte. Den ville orkan-natta i 92 prøvde nok hardt, men greidde ikkje å rykkje den vesle stova opp med rot. Men skeiv vart ho, og dørlaus. Mykje av takpappen forsvanst også, og opna for regnvåte åtak. No er dei leikande vortne vaksne. Stova har vorte gammal og skeiv. Men ho står der hysande minne om så mangt. Som om mørke og snøkledde, kalde julekveldar då jentene og han pappa, etter at dei hadde vore borte i løa med julegraut til fjøsnissen, stal seg ned dit og tende fleire stearinljos på eit fat på det vesle bordet. Framover julekvelden spreidde desse eit blakrande ljos på snøen utfor det vesle vindauget. Om me såg ut før me gjekk til ro den kvelden, kunne me så vel sjå det. Eit lite lysande auge minnande verda om verdien av leik, av håp og av lengt mot vår og ljose tider. Rett utfor døra til den vesle stova, slo ei lita einebuske rot. Og kvar einaste
jul sidan har me så vel visst kvar me kunne gå og finne bærberande einekvistar til å
dampe fåreribbe på. Ingen ting kan måle seg med angen av eine-dampande fåreribbe
julaftan. Nærare Nirvana kjem ein ikkje på våre kantar. Mangt har ein sett så ofte at
det har vorte verande ein vane å sjå. Men sjølv om det har vorte velkjend, og ein vane,
kan no eitt og hitt få ny verdi om ein berre stansar på litt, fargar det ein ser med
andre tankar, og minnest. Det var nok godt
stundom, for han pappa og, å finne løynd bak lune vegger når ville og vonde stunder
stal fred, og skar tenner. Her kunne ein no vere åleine i løynd når livet dansa til
langeleik-slått
.. |
Hugen - Hugen menu Heimskringla