
For bedrifter og institusjonar,
klubbmøte og blåturar, grupper og arbeidsfellesskap, lag og foreiningar:
Kommunikasjon
til kvardags
Om å snakke og lytte - og svare
og spørje
Arbeidsplassen
vår er viktig. På jobben yter vi ein innsats, og vi får løn og stadfesting for at det
som vi gjer er noko verdt. Miljøet og arbeidskameratane er eit samhald for seg sjølv der
vi brukar det beste og meste av oss, tid og krefter. Om eg ikkje kjenner meg heilt i form,
vil eg heller på jobb og vere saman med gjengen enn å vere sjukemeldt og gå på veggene
heime. På jobb kan vi trivast og yte, -
x
- eller er det ikkje alltid
heilt greitt å finne seg skikkeleg til rette? Vel, oppgåvene kan stundom verke uklåre,
og så menn kjedelege! Etter mi meining er det både det eine og det andre som skulle vore
gjort noko med. Og helsa vår, då, - det røyner på etter kvart, det er slitsamt. Sant
å seie, somme dagar er tunge. Kva er det som skjer? Kven bryr seg? Kva kan eg gjere?
Greier eg å hengje på? |
Samarbeid er
heilt avhengig av kommunikasjon.
Samarbeid ER kommunikasjon.
Vil vi samarbeide, må vi
kommunisere.
Samarbeidet kan bli meir
utfordrande og fruktbart. Samhandling er noko vi kan utforske vidare og lære meir
om. Vi kan nok kome opp i kriser, men samtidig vekse oss sterkare, forandre retning,
utvikle oss.
Kommunikasjon har sin pris og er
ikkje minste motstands veg. I samarbeid får vi bryne oss på kvarandre, lære å dele og
ta imot, og vi kan bli flinkare til å ta vare på kvarandre. |
Kommunikasjon
er både strev og moro. Tøffaste alvor, og lystigaste liv og røre. Gir inspirasjon og
nye krefter i smått og i stort. Enten du vil eller ikkje. Men vil du litt likevel, vinn
du mykje meir. |
Ta kontakt for kåseri
og innspel,
- for kurs og
treningsopplegg.
Hugen rådgiving - Enok
Kippersund
6190 Bjørke - Tlf 700 41166
e-post: enok@kippersund.no
Heimesida
Hugen rådgiving
Enok
Kippersund Hugen rådgiving. Enkeltmannsføretak. Org.nr.: 982 439 868 |