For kommentar til draumen, trykk her:

Dyret i buret

Ein draum var slik:

Eg er i ferd med å setje ut ei ruse, og denne gongen har eg fylt åte ikkje berre i den spesielle nettingposen inne i rusa, men eg har også spreidd rikeleg med åte (rekeskal/reker) på botnen i rusa. Eg finn meg att ute i vatnet der eg vassar i veg med det kasseforma nettingburet løfta med begge hender beint opp over hovudet. Eg har støvlar med spesielt høge skaft som rekk meg langt opp på låret, men eg kjenner at no er det så djupt at sjøen går nesten opp til støvlekanten. Snart vil nok vatnet kome innanfor og gjere meg klissblaut på føtene. Eg vil ikkje bry meg om det, pytt-pytt! - og vassar vidare, framleis tørrskodd kjenner eg forundra, går eit stykke utfrå land og beveger meg framover parallelt med strandlinja. Vil kome meg rundt eit nes for å nå fram til akkurat den staden der eg aktar å setje rusa.

Det er kome eit lite dyr inn i rusa, ei mus eller kanskje det er ei ung rotte. Eg kastar rusa frå meg i fjøresteinane og prøver å drepe dyret med å trakke på det og kaste steinar på det. Eg får inn nokre fulltreffarar og dyret blir hardt skada, det blør og blir liggande på rygg, men straks er det heilt i orden igjen og har vakse seg litt større. Eg kastar meir stein, større steinar, og får inn nye treffarar, og det same skjer igjen: Dyret blir liggande på rygg med djupe sår, men frisknar til att i same augneblinken og står der stadig større, no snart så stort som ein bever. Dyret vender seg heile tida mot meg, står frisk og sterk på alle fire føtene, meir og meir opplagt og blottar dei lange skarpe framtennene.

----------------

Eg vaknar i skikkeleg ulage, men eg vil ikkje kalle draumen eit mareritt. For nokre år sidan kom eit liknande tema att i fleire draumar: Dyr som eg hadde i bur, og som kom heilt ut av kontroll.

Har du lyst til å kommentere denne draumen?  Skriv gjerne til meg og vi kan utveksle innsikt i draumen og begge ha utbyte av det! Adressa mi er:  enok@kippersund.no

Bjørke 9.mars 2001

Enok Kippersund


Kommentar til draumen "Dyret i buret"

Elisabeth Balstad skriv:

Kjære Enok! - Jeg har lest denne fantastiske drømmen din. Det er både en mangfoldig drøm og en drøm som det er fristende å tolke ganske enkelt slik: slipp dyret ut av buret. Som et fritt dyr vil det ikke virke truende eller vekse til faretruende størrelser. Det er slik med våre drømmer og vår lengsel, dess mer vi burer dem inne, dess verre blir de. De kan både true og fortære oss. Det nytter ikke hvor mye nyttig næring våre sterke over-jeg gir det innestengte, det er andre virkrmidler som må til. Slipp drømmene fri, det er vår!

Jeg ville avslutte min kommentar til drømmen din med å sitere Lars Forssell:

Mjärden skrattar inte
Mjärden gråter inte
Så holder den oss i bur

Den betraktar oss lungt med ståltråd
eller ømt med segelgarn
Den ager oss med knuffar

och flyter den bort med strømmen en dag
er det bare mjärden
som vet var vi finns      

----------------------- 

Takk Elisabeth! - Det svenske "mjärd" svarer til det norske "ruse" eller "teine", og det kryp meg småkaldt etter ryggen: Draumen og diktet er som hand i hanske.

Eit anna "svensk bilde" melder seg (frå Bergmann-filmen "Utvandrarar"?): Ein striesekk fly nedover i ei elv. Det er noko levande inni sekken, som pistrar for livet - kattungar, som er meinte til å druknast.

Enok

(1.april 2001)

til øvst på sida - der draumen er referert

 

<<< Vegvisar          Til Fuglekassen med fleire draumreferat >>>