
metodikk-dugnad
Kanskje dokumentasjons-dugnad var eit betre ord, for her må ein gjerne fortelje om koss ein prøvde å gjere noko og koss det gjekk, knytt til ein konkret situasjonsbeskrivelse, gjerne litt om observasjonar - og svært gjerne med dine eigne reaksjonar og ettertanke, kjensler ikkje utelatne.
Kva skjedde vidare fordi du gjorde det du gjorde?
Kva held du på med?
Dugnaden skal også gjelde å samle tilvisingar til litteratur, gjerne med kommentarar, som bringer fram arbeidsreferat og prosjektrapportar, tilsprang og bykset vidare. Snåva du - og gjekk på nasen? Traff du planken? Landa du velsigna greitt, men det var altså der du aldri hadde tenkt du skulle lande?
Med kvart kan betongen slå fleire sprekker, og vi får sjå kva meir som vil spire fram!
4.november 2001 Ein som var med på skulekvelden: "Eg har også god tru på å starte med dei praktiske situasjonane. Det er praksisen som tel når alt kjem til alt, ikkje dei fine orda i dei store planane." For å kome til eit dokument: Trykk på dato-peikaren i spalta til venstre. 9.november 2001 Synnøve Matre: "Elevteksten som vegvisar til tilpassa opplæring" Frå innleiinga til ein artikkel. 15.november 2001 Tore Lende: Realitetsterapi. - "Glassers tanker er også forholdsvis sentrale i det som for noen år siden gikk under begrepet "innvolveringspedagogikk". Samtidig er slektskapet stort med ideene bak sosialpedagogikken. Jeg vil også nevne slektskapet med Nina Karin Monsens filosofi." 12.februar 2002 Enok Kippersund: Eit vindauge inn til barnet. Om å løfte fram elevtekstar - og om å bli løfta, av dei, inn i didaktisk ettertanke og grunngjeving for eigen praksis.