Metodikk-dugnad

Elevteksten som vegvisar til tilpassa opplæring

Frå innleiinga til ein artikkel av Synnøve Matre

«I denne artikkelen skal de få møta tekstar av Anders, frå han er sju til femten år gammal. Vi skal sjå på kva tekstane fortel om hans evner - og hans vanskar - og drøfta korleis ein best kan gi elevar med liknande interesser og føresetnader utfordringar som fører vidare på vegen til å bli dyktigare språkbrukarar og tekstskaparar. Ærendet med artikkelen er å løfta fram elevteksten som eit vindauge inn til barnet. Samtidig ønskjer eg at nærlesing av nokre slike barnetekstar kan bidra til å utvida tekstkompetansen hos lesarane, slik at dei betre kan tolka tekstane til elevane og byggja opp undervisninga ut frå dei. Velutvikla evne til å lesa tekstar formidla gjennom gjennom ulike medier, munnlege, skriftlege, teikna, elektroniske og så vidare, er det beste grunnlaget for å leggja til rette for tilpassa undervisning i norskfaget. Eit viktig siktemål for meg er å få lærarar i større grad til å sjå tekstane til elevane - heile tekstane.»

Artikkelen står i boka «Tilpasning og tilhørighet i en skole for alle.»

Helg Fottland (red.): "Tilpasning og tilhørighet i en skole for alle".
Bergen: Fagbokforlaget. (Prøv peikaren nedanfor)

http://193.91.161.5:8080/fbf/FMPro?-db=products.fp3&-format=itemdetail2.htm&-lay=web&web=ja&isbn_raw=8276747264&-find

Metodikk-dugnad              Hugen start