Eit vindauge inn til barnet - 1

barnland02.jpg (43084 bytes)

Om å "skrivelese" ein elevtekst


Ei nøkkelerfaring for meg om korleis eg kan få eit vindauge til å opne seg inn til eleven, handlar om å "skrivelese" ein elevtekst. Noko eg skreiv om dette, hentar eg hit frå "Amazonas-tekstane" på den første heimesida mi:


Først gjeld det å ordne seg med ro og rom ikring seg. Sitje godt attmed bordet, justere stolen innåt, ha skrivereiskap som ein er venner med. Fredeleg konsentrasjon. I mitt tilfelle sat eg med ein bunke "stilar" framfor meg. Eg let att augo og "stokka" dei. Deretter ordna eg bunken med god teljekant. Framleis med augo attlatne let eg så fingrane gli opp og ned etter skrivebokryggane for å velje meg den EINE! Eg opnar augo og held den utvalde klårt bort frå resten av bunken, som eg ryddar godt til sides.
        Så opnar eg den utvalde skriveboka og finn fram til "stilen" (elevteksten). Les først gjennom på vanleg måte, men deretter gir eg meg til å gjere ei avskrift av teksten. Roleg og konsentrert arbeider eg med nøyaktig den same bokstaveringa, rettskrivinga og teiknsetjinga som eleven har brukt. Eg skriv med mi eiga skrift, prøver ikkje å herme bokstavar eller spesielle krummelurar. Etter fullført avskrift les eg nøye gjennom, kontrollerer mot originalen, og les atter gjennom teksten, både hos eleven og meg sjølv.
        Det var dét og ikkje meir, - den eine boka, den eine avskrifta. Så sit eg og mediterer over teksten ei stund, men eg "gjer" ikkje meir. Dei andre stilbøkene skal som sagt ikkje vere med på dette, ikkje enda i alle fall. (I dette tilfellet var tekstane ganske korte, ei side eller to.)
       Den spesielle teknikken ved å "skrivelese" elevteksten er for meg ein måte å handhelse på teksten på, ein nærkontakt, ein måte som hjelper meg til å kome på talefot med han.

Den praktiske konsekvensen av "skrivelesinga" vart for meg at eg kom til å sjå elevtekstane i eit heilt nytt lys. Som lærar hadde eg nok hatt lett for først å sjå etter kor skikkeleg handskrifta var, kor mykje "feil" det var, kva slags feil o.s.v. - og til slutt hadde eg kanskje ikkje att nokon større godvilje eller overskot for INNHALDET, for IDEEN i teksten. Som lærar var eg nok den første tida mest oppteken (ikkje berre, då!) av "å rette" teksten, men etter denne nøkkelerfaringa vart eg mest oppteken av å få eleven med på korleis teksten kunne "utviklast vidare".

Norskundervisninga mi har tent stort på dette. Elevane og eg spelar no på same lag med meg som spelande trenar. Vi lærer saman, og eg er den som visst  lærer mest. Undervisninga i grammatikk og rettskriving får også kome fram til brunnen og drikke.

Til deltekst 2      Liste over deltekstar       Hugen