Eit vindauge inn til barnet - 2

barnland03.jpg (81693 bytes)

 

To strekar i skogen - ein fellesstart for fri skriving

Alle lærarar vil vite kor utruleg mangfaldige svar ein vil få frå elevane når ein gir ei open oppgåve, for eksempel i forming eller i norsk. Ingen er like! Ein trudde kanskje at sidan elevane held så tett i hop og lever i den same barne- og ungdomskulturen, så ville deira eigne uttrykk få eit visst "uniforms-preg". Men, nei, dei har kvar og ein sine spesielle tema og sin eigen stil.

På same måten som nærlesing av ein einskild tekst kan gi vitale impulsar til læraren, så vil det vere garantert utfordrande og inspirerande å halde oppfor seg dei ulike arbeida i ei elevgruppe.

Gjennom norskfaget kan ein gjere mykje for å skape eit trygt og ope klassemiljø. Ved å gjere det til ein sjølvsagd ting at tekstane som dei skriv, blir presenterte for klassa, vil faget vere med på å byggje opp eit kollektiv og ein gjensidig respekt. Læraren må styre denne prosessen med fastrådd tolmod og ofte ta klassa med på sine eigne refleksjonar om det didaktiske.

Det kan dermed også ta ei viss tid før dette arbeidsmiljøet finn seg sjølv og voksteren skyt fart. Sjølv har eg siste året arbeidd i det små med ei gruppe der vi visst har brukt eit halvt år før vi no for alvor begynner å slå ut håret. Arbeidet har gått greitt nok, men vi vil ha alle med og ting tar tid.

Å etablere eit "utvida tekstbegrep" må gå steg for steg. Etter kvart har vi prøvd så pass mange ulike sjangrar (ikkje for mange i starten) at vi har fått ei viss erfaring for at norskfaget har mange strengar å spele på, også nokre strengar som høver for meg! Klassa vil også kunne velje ein sjanger som dei finn å riktig å kunne boltre seg i!

Vi starta med å fortelje frå dagleglivet og kvardagsmiljøet i dag og deretter om noko vi hugsar frå nokre år tilbake. Deretter svinga vi innom teikneseriar der det vart ein spesialitet å lage framhald til Donald- og Ferd’nand-striper. Det var tekster som lett let seg framføre i impro-sketsjar. Ei stund var det å teikne tablåsituasjonar (eit bilete med mange snakkebobler).

 

Nett no gjeld det å skrive framhald til ei gjeven innleiing. Eg, som er læraren deira, grunda lenge på tablåsituasjonene dei utforma med stort engasjement. Så skreiv eg denne starten til ei forteljing:

Det var to strekar som var ute og gjekk i skogen. Før dei visste ordet av det hadde dei gått seg vill. Snart begynte det å mørkne.

Da møtte dei ein sirkel. Han sa at dei kunne få bli med heim i hytta hans og overnatte til dagen etter.

Det var godt å kome i hus, for dei hadde begynt å fryse også.

"Takk for at du berga oss!" sa strekane.

"No må vi ha oss litt mat," sa sirkelen. "Her er nokre brøk-bollar som eg synest eg var heldig med. Men desse prosent-kakene vart brende så de skal ikkje tvinge dykk til å ete dei."

Ute var det blitt bekmørkt, og strekane var sjeleglade for at dei hadde truffe sirkelen. Her sat dei trygt og varmt. Dei hadde ikkje merka at dei var blitt skubbsvoltne. No kunne dei ete seg stappmette og drikke så mykje geometri-kakao som dei berre orka.

"Det er berre å klemme i seg," smilte sirkelen. "Vi kan ta litt av 5-gangen til dessert, viss vi vil."

Da banka det på døra.

 

Og som alltid: Elevane skriv vidare – i svært så ulike retningar!

Når eg har snakka med klassa om det, kan eg kome tilbake her på Hugen og kanskje røpe koss vifta av framhald kom til å arte seg.

Til deltekst 3     Liste over deltekstar      Hugen