Eit vindauge inn til barnet - 5

Teikning med snakkebobler
| Ei teikning som dette
kallar elevane og eg for ei "teikneserieteikning", dvs. det er "ei teikning
med snakkebobler". Eg prøver meg også med å kalle det for ei
"tablåteikning" Teikninga illustrerer i seg sjølv kva som kan liggje i
"eit utvida tekstbegrep": Teksten er ikkje "berre ord". For elevane er
ikkje dette eit "utviding" som dei må oppfordrast til å gi seg inn på. Det
utvida tekstbegrepet er eit område der dei har vore og tumla seg heile tida. Dette er
"deira stil", dette er noko dei "kan". Teikninga inviterer også til å flytte oss vidare innanfor det tekstbegrepet: Frå teikning og skriven replikk er f.eks. vegen kort til teater og talt replikk. Elevane lagar gjerne tablåteikningar. Dei uttrykkjer seg fritt og skaper originale situasjonar. Teikninga ovanfor fekk eg tilsendt pr. internett frå, John Grogan, ein nettkjenning i Canada.. Etter kvart fann eg fram til teiknaren sjølv, satirikaren Stephanie McMillan, som er kjend i vide krinsar. Ho har heimeside, med meir Minimum Security, på www.minimumsecurity.net/index.htm Eg fekk elevane med på eit eksperiment: Dei fekk i første omgang ikkje sjå teikninga slik som ho er i fullstendig form (som ovanfor), og eg held heilt tett om kva teikninga handla om. Eksperimentet gjekk ut på at eg tok bort nesten alt i teikninga, unnateke jenta og guten, som i min barberte versjon vart sitjande att på berre ein liten strek. Det var alt som var igjen Snakkebobler og bølgjer, møne og skorstein og alt som elles finst på teikninga var fjerna. Alle fekk ein kopi av dette vesle som var att, jenta og guten og streken. Utfordringa gav seg sjølv: Dette var ein start til ei ny teikning som det stod dei heilt fritt å "byggje ut", det var for dei berre å gå vidare i ei heilt fri utforming. Resultatet var, som eg venta, ganske fabelaktig! Eg skulle ønskje at eg kunne scanne tablåteikningane deira og late dei presentere dei sjølv, men eg får prøve med med ein "katalogomtale":
|
| a) I eit ope landskap der Guri og Bjørn sit på ein benk og ser på folk
som går forbi på vegen like ved. I alt er det 10 menneske omkring i teikninga, alle med
snakkeboble. Guri kommenterer at ho ser bestefaren kome mot dei: "No har han kledd
seg ut som bestemor igjen!" b) Maria og Roar sit i huska på Sandvik skule. Teikninga er prega av fleire sprengladningar med brennande lunter. Der er også ei atombombe og ei pingvinbombe. Ei and sym forbi i ein bekk, og ho har dynamittgubbar med fræsande lunte festa på ryggen. I bakgrunnen ein person som blir namngitt som Osama bin Laden. c) Dei to sit på ei grein i eit stort tre som luter seg ut over ein avgrunn. Ein tredje person med motorsag prøver å sage ned treet, men ein fjerde person trugar vedkomande bakfrå med ein revolver: "Hallo!" På ei smal hylle litt lenger nede i den utoverhengande bergveggen, sit ein liten stakkar og strigræt. d) Dei to sit på ein benk attmed ein dam og ser på fuglane. Ulike blomster på plenen. Ei større jente er på veg ut av bildet til venstre. Ingen snakkebobler. e) Frida og Per sit på ein strek og snakkar i fem-seks bobler om kva dei skal finne på. Det regnar. Ein tredje person går trallande forbi. Lenger framme i bildet sit ein person aleine på ein benk. f) Dei to sit på ei line som er spent tvers over ei gate med trafikken 4-5 etasjer under seg. Dei snakkar om kva dei skal gjere, og guten nemner sjølvmord som eit alternativ. Snakkebobler også frå bilistane i gata under dei. g) Olga og Ronny sit i huska på skuleplassen med 13 andre personar, alle med snakkebobler, myldrande utover heile området. Osama bin Laden har kræsja med fly i eit skur i bakgrunnen, som står i lys loge. Han står sjølv til venstre i bildet og klør seg i skjegget. h) Dei to er turistar og sit på kjellarmuren etter ein bygning. Dei ser utover ein flokk med turistar som er "fuglar med store stygge føter". Guiden har dei teke med til ein spesiell attraksjon: Ruinene etter det siste huset Kvakk-Kvak bygde og den berømte statua av han. Kvak var kjend for sine skreive hus. Bla- Bla- Bla." Dei ni turistane er ulike individ, og kvar har dei namnet skrive på seg. i) Dei to sit på ein benk i grøntarealet utanfor ei høgblokk. Dei snakkar om kva dei skal gjere. På andre sid av gata er ein mann i ferd med å felle eit tre med motorsag. j) Dei to sit på fremste rad i ein tettpakka konsertsal. k) Dei to sit på ein bank i parken og ser på fuglane i dammen. Attmed jenta står ein handlepose frå REMA 1000. |
| Eg kopierte teikningane
over på lysark slik at alle arbeida vart presenterte for samla gruppe. Her var mange ting
å drøfte! Vi var inne på tanken å gå vidare med dramaøvingar som hadde grunnlag i
teikningane, men denne gongen vart ikkje det noko av. Nett no prøver eg å få kontakt med Stephanie McMillan pr e-mail. I eit intervju, som ho har med på heimesida si, fortel ho at allereie da ho var 10 år gammal bestemte ho seg for å bli "politisk tablå-teiknar": "I'd wanted to be a cartoonist ever since I was about ten years old." |

Stephanie sin logo.
Til deltekst 6 Liste over deltekstar Hugen