Hei!

Vil du at seminaret skal kome til deg, - eller vil du ha eit seminar å kome til?

trakkarfore.jpg (26252 bytes)

Teikning: Mathis Gazoa Bolly

 

Når eleven trakkar føre

- kvar fører det oss, om vi følgjer etter?


Ein elev: Lærar, kan eg skrive noko?

Læraren: Ja, versågod. Vi gler oss til å lese det!

Korleis vart dette starten på eit prosjekt der heile klassa gav seg med?


Korleis kan vi lærarar trene på

* å oppdage kva elevane har av kunnskap

*  å lytte til kva dei har på hjartet

* å oppfatte kva som ligg i det dei skriv

Korleis ta elevressursane meir aktivt i bruk?

Seminaret demonstrerer konkrete arbeidsmåtar, eit "verktyskrin", for ei prosessorientert undervisning.

Og det er snakk om "universalverkty" d.v.s. innfallsvinklar og tilnærmingar som er til bruk i alle fag, og som stimulerer heile læringsmijøet.

Enok Kippersund held ei innleiing og organiserer arbeidet.

Seminaret har ei fleksibel ramme: Frå 2 til 5 kurstimar.

Samlinga kan haldast i "seminarstova" i Rotsetgeila 2 med deltakartal frå maksimalt 15 og ned til 1. Pris kr 50,- pr deltakar.

Elles kan seminaret haldast på skular eller i andre lokale (med deltakartal etter forholda), f.eks. som ei planleggingsøkt.


Ta kontakt for nærare orientering og for eventuell avtale om eit opplegg i "Geila" eller ein annan stad.

Helsing

Enok Kippersund - Hugen rådgiving

Tlf 700 41166          E-post: enok@kippersund.no


Enok Kippersund har drive eit prosjekt i klasseromsforsking i skuleåret 2001- 02 og går vidare med arbeidet i inneverande skuleår. Opplegget har som mål å undersøkje koss det vil gå med aktivitetar i tekstskriving om elevane får god tid, fridom etter avtale og tett oppfølgjing.

Tett oppfølgjing: Grunnlaget for "tett oppfølgjing" er arbeidet som læraren gjer i sitt personlege etterarbeid og i ei aktiv førebuing i tida mellom undervisningsøktene, d.v.s. når han kan vere på tomannshand med elevarbeida og fordjupe seg i dei. Læraren må heile tida vere open for å lære eleven betre å kjenne.

Rammer og mål: Kva slags haldningar og praktisk evne må læraren ha for å inspirere og støtte eleven i sjølvstendig arbeid? Korleis kan både den individuelle utfaldinga og det sosiale miljøet tene på visse arbeidsmåtar? Kan arbeidsmåtar fremje trivsel og f.eks. hindre mobbing? Korleis kan undervisninga få tid til å gå i djupna? Korleis evaluerer vi eit arbeid?

Kva var dei direkte erfaringane? Enn om vi kan leggje til rette for ei "sjølvberande tilpassa opplæring"!

Konkrete eksempel, m.a. dette:  Vi jobbet med fugler


trakkarmini02.jpg (1920 bytes)   Trykk her for utfyllande notat


Eg driv no på med å tilretteleggje stova i Geila som "seminarstove".

geila.jpg (49906 bytes)

Rotsetgeila 2, 6100 Volda

Når du går innover Andanesvegen, innover forbi Volda Mek, er huset det siste på høgre sida før du kjem til Ristegarden.

Heimesida           Hugen rådgiving

   

Enok Kippersund Hugen rådgiving. Enkeltmannsføretak. Org.nr.: 982 439 868