|
₪₪₪₪₪₪ ₪₪₪₪₪₪
Fase 01 Av Enok Kippersund
Boka er ikkje stor, ho fell lett i handa, og det er ei vakker og vennleg bok. Eg set meg til i ein lenestol for å lese. Boka opnar seg av seg av seg sjølv, omtrent midt på. Det høyrest ein smell, og ei kule treffer meg i hjartet. Eg er budd på å døy. Det kom brått på, men det skal gå greitt. Heime står bokskapet mitt ute på fortauet, inn mot hagemuren og stakittet. Dei to dørene i skapet er sett vidt opne til kvar si side. Hyllene inne i skapet er fulle av bøker, både hyllene inn mot bakveggen inne i skapet og hyllene på innsida av dørene. Ein open kartong som inneheld bøker, er sett inn mot kvar av dørene for at dei ikkje skal late seg att. 13.11.07 |