fase 02

Av Enok Kippersund

Agpa-folket held til langt inne i dei djupe blåmørke skogane, inn mot foten av det mektige Agpa-fjellet der snøen på toppen har frose til is som lyser i grønt og blått. Agpa-folket driv for det meste med jakt, og det er den store farlege agpabukken dei helst vil felle.

Det er ikkje ofte dei lykkast med å vinne over det ville og sterke dyret, men når det skjer, er det strenge reglar for koss dei skal handtere fangsten.

Det viktigaste er hjartet, som dei skjer ut for å gi det i gåve til gudane. Hjartet på agpabukken er stort, men ikkje mjukt som på andre dyr. Det er innkapsla i seige og harde senar, og sjølve hjartet er av brusk. Derfor pakkar dei hjartet inn i fleire lag med sterk duk av strie og tek det med seg til hjartesteinen. Det er ein stor flat stein som ligg midt ute på ei glenne i skogen eit stykke frå landsbyen. Her gjeld eit rituale som dei gjennomfører for at hjartet i pakka skal bli mjukare. Jegerane står i ring kring steinen med kvar sin lange tunge stokk. Dei løftar etter tur stokkane høgt opp, og skifter på å banke og slå av full kraft mot striepakka.

Når dei begynner å bli trøytte, går jaktleiaren fram og kjenner etter om hjartet har mjukna. Når nok er nok, går alle heim til hyttene med resten av fangsten. Dei held seg borte frå steinen i fire veker. Når dei kjem tilbake, vil det vise seg om gudane har vore der og henta hjartet. Dersom pakka er borte, blir det teke som eit teikn på at gudane har funne hjartet mjukt nok til at dei vil ta imot det.

            

               Heim til Hugen