
Om natta
Av Enok
Kippersund
Om natta er
biblioteket stengd, og det er kolmørkt i lokalet. Da må du berre ikkje vere
for hastig i rørslene når du tek deg fram langs hyllene. Lat fingertuppane følgje
bokryggane og ta små steg. Brått kan då ei biletbok
opne seg, og ei sjølvlysande side står framføre deg, tett innåt augene. Det
tek ikkje lang tid, men når det sjølvlysande biletet blir borte, sit biletet
att som eit ustoppeleg ekko i synet ditt, det er nesten som det svir, også.
09.01.08
|