Vener

Av Enok Kippersund

 

Ukjende vener,

framande som du ikkje visste om,

og som natt etter natt kjem veltande inn i huset ditt

som dundrande steinras, mold og rusk.

Ikkje jag dei frå deg, ikkje vik unna.

Gjer deg kjend med dei,

og dei vil lære deg å puste ut og smile

og sjå fram til neste besøk.

Gode vener er solide saker

og har ikkje alltid tid til å ta av seg støvlane.

 13.01.08

Du er velkomen med kommentar til denne teksten, eller andre oppsett på Hugen. Skriv til: enok@kippersund.no

 

               Heim til Hugen