Det står ein kamerat i skogen og kløyver ved

Av Enok Kippersund

 

Tenk å vere så heldig

å ha ein kamerat

som står i skogen

og kløyver ved!

 

Høyr koss traktoren murrar som ein katt.

Høyr koss kløyvaren

sprengjer seg inn i kubbe etter kubbe,

og det brest og sprakar og klovnar.

Kjenn lukta av sevjene

som fyller lufta

og vil salve deg.

Poppel og platan, bjørk og eik, older og rogn, alm og lerk, osp og selje, gran og furu.

"Renningane hans skal breida seg vidt utover, det skal blenkja av lauvet som av oljetreet, og anga skal han som Libanon. Dei som bur i skuggen hans, skal atter avla korn og bløma som vintreet; minnet om han skal vera som vin ifrå Libanon."

Gull!

Myrra!

Røykjelse!

Godt nytt år!

 14.01.08

Du er velkomen med kommentar til denne teksten, eller andre oppsett på Hugen. Skriv til: enok@kippersund.no

               Heim til Hugen