|
Og alle dei som lunte kan Av Enok Kippersund
To sørvismenn ligg og kryp nede på golvet bak disken under kassa-apparatet. Dei dreg fram kartongane og øskjene og plastposane og plystrar og murrar og småsnakkar, mens dei lyser med proffe sørvislykter. ”Der!” seier han som er sjefen. ”Der! Leidninga er sliten tvers av. Du store min kabel! - ikkje rart at telefonen ikkje funkar.” Dei fiksar og ordnar, og seier yesss i munnen på kvarandre, reiser seg opp og kostar av seg, legg verktyet ned att i den elegante grå kofferten, forklarer dama i kassa kva som var gale, men som no skal vere i perfekt orden. ”No kan du og han på lageret snakke så mykje de vil.” ”Hei!” signaliserer eg, der eg sit med kaffikoppen. ”Kan de fikse noko for meg med det same?” Dei kjem bort til bordet mitt, den yngste med spesialtonga i handa. ”Kva er problemet?” ”Eg har så lang lunte,” seier eg og får dei til å setje seg, tek meg lov til å spandere Snøkvit-kake og kaffi. Sjefen seier: ”Vi kan kutte lunta di, her og no, viss du vil. Det skal ta berre 3-4 minutt. Garantert smertefritt. Men lange lunter er på veg inn att i marknaden, lang lunte står no i 90 dollar fatet. Så eg vil seie: Ta vare på den lunta du har, di lengre - og di lenger - di betre.” 18.01.08 |