I bokbøyene

Av Enok Kippersund

 

Bøkene ligg spreidde utover bordet og kviler som småbåtar i ei båtforeining med feste i kvar si bøye. Der  ligg Martin Buber, nett teken ut av mange år i opplag. Der  ligg engelsk-norsk ordbok, alltid med motoren i gang, har sjeldan frivakt. Ei ledig bøye etter ein havsiglar er reservert for ei omsetjing frå fransk som er ventandes om ei vekes tid. Når den fransk-norske kjem, blir ho liggande med telefonkatalogen og Sørås songbok på den eine sida, og med Moby Dick på den andre.

 

 21.01.08

Du er velkomen med kommentar til denne teksten, eller andre oppsett på Hugen. Skriv til: enok@kippersund.no

               Heim til Hugen