|
Alt er berre hol i hol Ein framhaldstekst. Av Enok Kippersund |
Kapittel 28: Helikopteret Arn går inn for landing som ei ørn, - men vart no dette ei skikkeleg ørnelanding? Helikopteret Arn var i ferd med å setje seg pent og pynteleg ned på bakken. Det ville bli ei fjørlett landing. Eg la handa over spenna på setebeltet og var like ved å løyse meg ut or selestellet. Bak meg høyrde eg at Hugo Vaulen allereie gjorde som eg hadde tenkt å gjere. Det klikka i eit spenne. Han gjorde seg laus frå sikringsselen. Da var det noko som slitna. Eit nytt brøl blanda seg med brølet frå motoren. Det small ein dunk inn i sida på oss. Arn fekk ein kilevink så han dreiv til sides og ville til å bikke over. Setebeltet, som eg nett heldt på å gjere meg fri frå, tok tak i meg og heldt meg på plass. Eg høyrde eit rop frå Monika og eg oppfatta at ho sat bøygd framover og arbeidde med lynraske hender på spak og knappar. Arn kasta på seg igjen. Like kvast som første gongen. Arn var ikkje verdt meir enn eit lemen som ei bikkje hadde sette tennene i. Vi vart fillerista! No var det eg som ropte. Nei, eg skreik. Frå bakseta høyrdest uklårt mannemål. Armar og bein fikta der bak.
Det gjekk over stokk og stein i lause harde lufta, med ville kast og vonde knuffar. Arn kjempa for livet mot ei jette som ville tyne han med turre nevane. Noko hadde lagt seg oppå oss og ville bryte oss nedåt same kor mykje rotoren prøvde å gi oppdrift. Lufta nekta å yte motstand og ville ikkje løfte oss. Greiner av eit tre svisja borti plastglaset på mi side. Ein ny dunk. Det kvein i motoren. Held Arn på å grunnstøyte? Røvarane attmed vegen ned til Jeriko hadde lege i bakhald. No kom dei og tok oss. Monsteret utanfor hadde fått ei hand inn i kabinen og slo til hjelmen min så eg fekk han trykt nedover augene. Eg ville ta tak og skubbe hjelmen opp att, men armen kom i klemme mot noko tungt som gav meg hendene fulle og som hadde deist ned i fanget mitt. Dette var krig! Dette var slutten og undergangen. I ein lynrask sekund såg eg føre meg ein bildereportasje frå Vietnam som vi studerte på eit seminar i krigsjournalistikk. Ein ung lyshåra gut sat ved spakane og såg seg halvt bak over skuldra. Kameratane hans hoppa rasande fort ut på jungelbakken med automatvåpna i ferdigstilling. Det neste bildet i serien viste den vakre piloten liggande framover, perforert i ryggen av ei salve frå den vietnamesiske geriljaen. Dei let slett ikkje eit fiendehelikopter med vidopen sidedør få sjansen til å lette igjen. Kjempehunden som rista oss var plutseleg lei og slengde filledokka Arn frå seg. Med eit brak hamna vi på bakken og slo nedi så hardt at no braut vi nakken! Eg såg ingen ting, for hjelmen var trykt langt nedover andletet. Eg ville ikkje vere Emil frå Lønneberget med den store matskåla trykt nedover skallen! Eg skreik av redsel. "Mamma! Pappa!" Eg skreik for livet. "Elsa! Edward!" Fekk så laus eine handa og greidde å skubbe hjelmen opp att så eg fekk synet tilbake. Utanfor hjelmen var verda blitt enda mørkare. Monika sat framstups og likna på den amerikanske piloten, men ho rørte seg. Eg sat med overkroppen av eit menneske liggande på sida over knea mine. Kor lenge gjekk det og koss kom vi til oss sjølve? Det gjekk visst ikkje så lenge, og det var lensmann Norvik som klikka seg laus frå beltet, strekte seg framover og hjelpte Monika opp att i sitjande stilling og til å få att pusten. Mennesket som hadde kome deisande framover og drust til hjelmen min og så blitt liggande halvt oppe i fanget mitt, var teknisk etterforskar Hugo Vaulen. Han rørte seg ikkje. Han var ein tung sekk. Monika kjempa for å rå med seg att. Pusten var banka utor henne, men ho hadde fått tak i ei lyseblå plastpakke i instrumentbordet. Norvik strekte seg fram og greip pakka og reiv henne opp. Han kom ut med ein våtserviett og begynte å gni Vaulen i andletet. "Her!" sa han og gav meg ein ny serviett. "Hjelp Vaulen!" Han sjølv masserte Monika over skuldrane, drog dei bakover, pressa dei framover, drog ned glidelåsen i pilotjakka, gnika og dunka henne tvers over bringa, fekk pusten hennar til å finne seg att. Lukta av våtservietten løyste ut ein refleks hos meg som fekk meg til å stryke meg sjølv over kinna med han. Så prøvde eg å vaske Vaulen i tinningen og det som eg elles nådde tak i av andletet hans. Det gjekk halvt av seg sjølv, eg var nòmen og vissen i heile meg og høyrde mi eiga stemme seie opp att og opp att, tynt og hjelpelaust: " ..nei nei .. nei .. nei " Monika ynka seg. Eg ynka meg. Lukta av våtserviettane. Var det sprit eller parfyme? Var her ikkje førstehjelpsutstyr? Det lukta mannesveitte av fuglemannen som hadde deist nedover meg. Han låg der som eit barn i djup svevn med hovudet i ein bleik profil. Brått gjorde han eit ufrivillig kast på seg. Eg måtte gripe om han og halde han igjen så han ikkje ramla ned på golvet, for Arn hadde blitt ståande halvt framstups. Eg drog han innover og oppover på fanget mitt. Så tungt! Andletet hans vart halvt borte under linninga på allversjakka som eg hadde fått låne av Edward. Den medvitslause mannen vart trykt med flate fjeset mot gylfen i olabuksa mi. "Vaulen!" ropte Norvik. Han bøygde seg fram og tok i etterforskaren. I ein forbifart kom livet tilbake til Hugo Vaulen. Snara sleppte taket i den fanga fuglen. Utan å opne augene fekk han den høgre armen bak seteryggen min, drog seg sakte opp att i eit langt og løftande drag. "Ahhhhh!" kom det tungt og klagande frå han. Han vart borte frå synsfeltet mitt som ein bom som løfter seg sakte. Norvik tok imot han der bak med nye serviettar. Monika hadde fått opp døra på si side. Kald våt luft strøymde inn. Monika bøygde seg ut, hang i selane og beltet. Ho kasta opp, hardt og voldsomt, ville mest ikkje slutte. Noko av det dreiv inn i kabinen. Arn sveipte og sveipte rundt med rotorblada, men det var korkje kraft eller saft i dei. Sakte stoppa dei å svive. ploff ploff ploff .. Vi hadde kræsja. Vi hadde styrta. Arn stod på fast grunn, slengt i bakken og broten nedåt, skakk og vengeriven. Helikopteret var havarert. Det halvt stod og halvt låg med nasen nara ned i marka. Heldigvis med smørsida opp. Vi hadde vore i stor fare for livet, hadde vi ikkje? Men vi overlevde, gjorde vi ikkje om ikkje heilt, så ganske bra i alle fall? Så visste eg ikkje meir, for eg seig inn i mørkret der Hugo Vaulen hadde vore og sansa meg ikkje lenger. Eg vart lagd på eit transportband og var eit stykke bagasje som gleid inn gjennom dei svarte gummiklaffane i veggen og vidare inn i ventehalla på ein flyplass. Men halla var ein grunn sjø, like mykje ein gjørmete sump som vatn til å sigle i. Vi var fleire og vi var skjoldmøyar. Skjoldane tredde vi inn på høgre armen, og vi stod på rad og skulle vere skjoldrekkja på eit vikingskip. Men vi stod på botnen av sjøen til knes i gjørme, for skipet var for veikt og fall sundt i ei røys med fjøler. Det lukta av at nokon hadde kasta opp, og det lukta sur sur brannrøyk. Kvalmen slo opp i meg. Vikingane om bord kava hjelpelaust mellom alt vrakgodset og var sjanselause i dei tunge rustningane. Dei ville straks drukne, og ingen ville hugse dei. Dei andre i ventehalla hadde funne koffertane sine, greip tak i kvar sin og gjekk sin veg.
Da høyrde eg nokon som ropte: "Hei, Berly!" Det ropte igjen: "Hei, Berly! Eg har ringt til hjelpekorpset. Den første bilen er alt på veg!"
--||-- Illustrasjon: "Nedlasting", foto v/E.K.
|
| til kapittel 29 |