blues80a.jpg (5094 bytes)

   Alt er berre hol i hol

   Ein framhaldstekst.

   Av Enok Kippersund

 

Del 2

Kapittel 29: Ein annleis morgon på Andreplassen

 

EG LÅG på rygg, i olabuksa og elles i dei kleda eg hadde på meg under allversjakka til Edward. Joggeskorne var av. Eg hadde det godt og varmt under ei framand dyne som var lett og grei nok, og som det lukta presenning av. Lakenet og putevaret var nyvaska og hadde lukt av utetørk. Eg gjorde meg klar til å slå opp augene, men heldt att og venta berre litt. Før eg ville løfte augeloka, ville eg gjere klart for meg sjølv det vesle eg visste om dagen som stod føre: Det er enda morgon, og det er 24.oktober som er FN-dagen, og det er to månader til julaftan. Dessutan er det morgonen etter kvelden då eg var med og krasja med helikopteret Arn på Andreplassen like ved Leitebakk skule som var på det næraste utbrent og nedbrent da vi kom.

Dette var morgonen etter kvelden då Andreplassen etter kvart hadde blitt eit kaotisk senter for redningsarbeid og politietterforsking og rykteproduksjon. Bilar parkerte i vilska over alt, - hjelpekorpset med ambulansane sine, kraftverket med store og små servicevogner, ein brannbil, politiet, media og Ola Donk og Kari Konk. Det vart sett opp ein lavo og to svensketelt. Eit helikopter hadde til slutt kome og henta ut teknisk etterforskar Hugo Vaulen for å bringe han til sjukehuset. Ein TV-journalist maste og maste og heldt rundt skuldrene på Monika og meg og ville ha oss med seg bort til Arn for å intervjue oss. Da hadde lensmann Norvik kome og føyst unna journalisten og heile hans her, tatt eit fast tak i armen på kvar av oss to jentene og ført oss ut i denne brakka som stod som eit anneks bak våningshuset på Andreplassen. "Her skal de vere i natt, og de skal få vakt som kan halde media unna. Ver så snill og hald dykk i ro her! Eg vil gjerne ha mobiltelefonane dykkar til så lenge!"

Den indiske vikarlegen som hadde følgt hjelpekorpstroppa, dukka opp. Kor glade vi vart då han kom i følgje med pensjonert jordmor Halbjørg Tveitane! Legen gjorde ein rask sjekk på oss, - armar og bein og rygg, nakke og haud, syn, balanse. Om vi hadde innvortes smerter? Nei, trudde ikkje det. Ikkje så gale i alle fall. Så hadde han sett Halbjørg til å passe på oss, skaffe noko mat, stelle med oss, roe oss ned. Også ho skulle sove i brakka.

Etter kvart tok vi kvelden. Legen hadde forsynt Halbjørg med noko som ho skulle gi oss "til å sove på". Ei stund vart vi tre tausene sitjande, berre oss tre. Vi fekk oss litt å ete, og Monika og eg snufsa og lo og var sinte og fortvila og ville heim. Sjefen til Monika ringde, og Monika fekk låne tilbake sin eigen mobiltelefon og snakke med han. Det var visst ein bra sjef, som det gjorde godt for Monika å få snakke med. "Han har krasja sjølv ein gong," sa ho. Så kommanderte Halbjørg oss to til sengs. Etter at vi hadde fått tablettane av henne og svelgt dei unna med eit glas friskt og godt vatn, kraup vi opp i kvar vår brisk, meir eller mindre påkledde slik som vi hadde vore om dagen. Så henta Ole Blund oss, simsalabim! Med sitt lydlause helikopter tok han oss på sveveflukt inn i natta og svevnen. Så fort knalla eg åt at eg vann ikkje meir enn dei to første orda i kveldsbøna mi. "Fader vår," var alt eg fekk sagt. Kom altså ikkje ein gong til endes på tiltaleorda så eg kunne begynne å nemne frampå om noko av det som låg meg tyngst på hjarte.

DETTE var altså morgonen etter at eg hadde blitt dopa i svevn på ordre frå lege og lensmann. Eg låg og kneip att augene og kjende nedover meg sjølv under dyna. Jau, eg var der, litt klam og sveitt. Fekk ikkje pussa tennene i går kveld. Alt av meg var på plass. Heile meg.

Så opna eg augene.

To auger såg beint inn i mine. Det var to glasauger i eit utstoppa hjortehovud som hang på veggen ovanfor fotenden på senga eg låg i. Geviret var eit skikkeleg skrytegevir. Det eine glasauget blunka til meg.

"God morgon, sjuande far," sa eg og geipte tilbake.

Eg snudde hovudet og såg over til Monika som låg langsmed den andre veggen. Ho sov godt og roleg og var heilt nydeleg med andletet vendt hitover mot meg og med ei slevesikle i munnvika. Vi hadde sagt god natt med å strekkje hendene mot kvarandre over den vesle avgrunnen mellom sengene våre. På golvet låg ei vevd lita fillerye som var såpass rein at ein kunne gå berrføtt på ho, under feltmessige forhold som dette.

Eg snudde meg tilbake og flekte tenner opp mot monsteret på veggen.

"Hallo, langbeinte elgen sin!" svarte sjutaggaren. "Ver så snill og ta på deg berre bikinien, då vel!" Så blunka han til meg ein gong til, no med det andre auget.

"Eg må på CC!" knurra eg, og hivde meg fram på golvet. "Men først skal du søren smørje få lov å teie deg, din innbilske rånebukk i Tarzan-truse!" Eg treiv ein tynn pynteduk av eit levjete nylonstoff som var lagd utover eit lite settbord mellom dei to sengene. Høg som eg jo er, og elg som eg stundom også er, nådde eg opp til bukketraven utan problem. I ein fart hengde eg duken opp i horna hans, om ikkje nett drapert så dekorativt så i alle fall slik at heile installasjonen vart tildekt. "Slik ordnar elgen Berly opp med ein innpåsliten oksebukketrave! Ho er sjefen, og ikkje du, sidrompa møkkamonster, der du er!"

"Kva er det, Berly?" Monika hadde vakna av koss eg styra og ståka.

"Eg jobbar med å halde gamlekjærasten ute av mitt revir!" brølte eg. "Men no må eg på do!"

 

SÅ SPRANG eg berrføtt ut på CC. Toalettet som vi hadde på gamleskulen i Ugjera var ein enklare demonstrasjonsmodell av CC. Her var det eit luksus-CC. Ikkje anna vente sidan vi var på heimebana til Harald Skråvik, oppfinnaren sjølv, småkjendisen med firmaet "compress&compost". Det var nemleg han som eigde Andreplassen no, hadde eg fått vite i går kveld. Vedkomande som hadde fortalt meg det, var den ivrige hjelparen som hadde kome ut til oss i helikopteret og fortalt at han allereie hadde ringt etter hjelpekorpset og ambulanse. Dette at oppfinnaren Harald Skråvik hadde ein base her på Leitebakk, var nytt for meg, utan at eg la så mykje i det. Eller hadde Edward sagt noko om det? Den heilt forbløffande overraskinga var at hjelpesmannen som så stolt hadde jubla til meg på fornamnet mitt, var min eigen næraste nabo, Magnvald Malve. Ein augneblink skjemdest eg visst fordi eg nok aldri hadde vore flink til å ta kontakt. Magnvald gjekk for å vere ein helst underleg skugge, trudde eg. Dagen før, ute mellom kaliforniavalmuene, hadde ungjenta Marlene Solstav fortalt meg om det skakkjørte fellesbuet som Magnvald og mora hans praktiserte.

"Eg er her minst ein gong i veka for å sjekke og sjå etter husa for han Harald Skråvik," hadde Magnvald fortalt. "Jegerane som leiger her, ringjer om både eitt og hitt."

Harald Skråvik sjølv var her nok også av og til. I alle fall hadde han vore her i eigen person og sett etter at CCet vart skikkeleg montert. Her var to vaksensete, og eit barnesete, og her var innreidd med forbløffande fargar og listverk, lamper og speglar, - eit brakkebaroni med bravur! Musikk til arbeidet om du ønskte det. Dette CCet var i elitedivisjonen.

Så slo det ned i meg og sende meg ut av elitestemninga, der eg sat komfortabelt plassert i dette rommet som gjorde alt for å setje brukarane i godt humør: Politiet hadde altså sett opp sperreband rundt Ugjera skule! Og denne fyren frå Kraft Energi, Abel Hoggram! Eg hadde vore spydig og frekk med han, for kva var det for tullprat om målaravlesinga han hadde hatt føre seg?

Midt oppi alt dette hadde Monika og eg blitt lagde på isolat med telefon og besøksforbod. Skulle det bli råd å få vite kva som gjekk føre seg?

Det knirka og knatt i mine indre regionar, og eg sette på litt meir av eigen kompresjon for at ærendet mitt ikkje skulle stoppe opp.

Kvar hadde det blitt av Petter, og plastnettet som han gjekk og bar på og gjorde slikt vesen av?

Det tok i døra, som eg ikkje hadde låst. Det var Monika. "Kom inn, kom inn, førstepilot!" sa eg. "Her er plass for både to og fleire, og miljøet står i perfekt stil med oss luftborne skjoldmøyane."

"Kva slags musikk vil du ha?" spurde eg da ho hadde fått sessa seg.

"Brass!!" basunerte Monika. "Og etterpå skal du fortelje om han der kjærasten din, - nei, begge to, både han som du hadde, og han som du har i kikkerten," sa ho. Monika geispa ein stor geisp der det enda sat att ein gjem av sovetablett.

"Sorry!" ropte eg tilbake. "Einaste hornmusikken på lager er "Gammal jegermarsj" med gardemusikken."

"Greitt!" hoia ho. "Det er da noko at du og eg stiller halvt i blanke messingen."

"Så må musikken vere sekkepipe!" sa eg og trykte på rette knappen på panelet ved sida av dorullen.

"Kva heiter det stykket?" spurde Monika.

"Vi seier at det er "The Moose and the Monster making Love in the Moss!" jodla eg. "Kom, så gir vi lyd vi også! Utan lyddempar! Gi på!"

Med sekkepipene som playback drog vi til med song og gauling, og la attåt komp og omp og ompapa og andre lydar som gav seg sjølve utifrå situasjonen.

 

 

 

Kjelder for illustrasjonane:

http://www.njff-sognogfjordane.no/bilder/jakt_prep_gevir.jpg

http://www.electricscotland.com/humour/bagpipe.jpg

Til kapittel 30

 

Liste over kapitla               Tittelside                Heim til Hugen