Leivningar og anna småplukk

(påfyll kjem som det måtte falle seg)

leivningar m1 noko som er leivd, (mat)rest - gje hunden l-ar frå middagen / dei jordiske l-ane av den døde liket / l-ar av ein gammal kultur  (kjelde: Nynorskordboka, Det Norske Samlaget 1986)


 

Summetonane

 

Eg skulle nett til å ta ein telefon.

 

Då,

med eitt,

spalta telefonkatalogen seg

i tre gule racerbilar.

Dei rusa ut av startområdet

i kvar si retning

i hytt og ver.

 

Hallo Voss!

Hallo, Vatikanet!

Hallo, Victoriahavn!

 

Kan de høyre meg?

(E.K.)

 

 

Søvnen

Menneska søv

øvst oppe på hydrauliske søyler

på kvar si

kvar for seg

 

sig

sakte sakte

og stilt

ned mot bakken

 

Når toppen av søyla er i plan med overflata

har du landa

på jorda

og du må stige av

(E.K.)


Gode ting

Mange gode ting er fire.

(E.K.)


Sjølvbetjening

Tre av betjeninga står bak disken og rettleier meg om at glas står det der og vassmugga der

her i sjølvbetjeningsdisken

(E.K.)

               Heim til Hugen