Eit nytt møte med Pippi Marita Bett Jensen frå Bjørke i Hjørundfjorden oppfordrar deg til å møte att barndommens Pippi. Marita Bett er festivalkunstnar under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda, 26.-30.april 2006. Ideen om Pippi-utstillinga kom etter at kunstnaren fekk eit nytt møte med barndomshelten gjennom borna sine. - Då eg såg filmane som vaksen, skjøna eg eg at oppfatninga mi av dei hadde forandra seg, sjølv om filmane var dei same. Kvar gong ein ser noko på nytt, får ein ei ny oppleving. Difor fekk utstillinga namnet "Persepsjon Pippi", seier Marita Bett. Utstillinga er samansett av måleri med silketrykk som er henta frå still-bilete i Pippi-filmane. - Eg plukka ut bilete som rørte meg på ein måte, og som fascinerte meg. Silketrykka er repeterte i måleria og endrar seg stadig. - Vi veit ikkje kva som er verkeleg, fordi vi finn ei ny sanning når vi ser eit bilete eller ein film om att. Dette er viktig for dokumentarfilmar òg. Marita Bett har eiga heimeside på: www.maritabett.com |
Teksten ovanfor byggjer på omtalen ved Frøy Katrine Myrhol i festivalprogrammet. Foto: Enok Kippersund Heimeside for festivalen: www.dokfilm.no Om du har lyst å kommentere, her er adressa: enok@kippersund.no |