modigemenn01.jpg (46559 bytes)

To modige menn

- Hans Hyldbakk og Ivar Aasen -

 

Aasentunet, 1.pinsedag 4.juni 2006: Ola E. Bø og Henning Sommerro snakka saman og song saman og viste korleis Aasen og Hyldbakk var to karakterar som  hadde mykje til felles i liv og gjerning. Dei høyrde heime i ulik tid i historia, men hadde same utgangspunkt og siktemål. Dei hadde rotfeste og spenntak i sitt eige opphav og miljø. Med uthaldande vilje løfta dei opp verdiar som dei visste og ville skulle ha retten sin. Raust delte dei med alle utan at vi alltid har vilja forstått kva rikdom for oss alle det galdt. Dei gav oss ein arv til å ta vare på og føre vidare.

Det var eit sprudlande og spenstig program, spøkefullt og seriøst, - til å bli klok av, til å bli glad av. Takk og takk til Aasentunet for atter ein glederik kvalitetskveld! Eit strålande førespel til dei nynorske festspela om dryge to veker. Underskrivne opplevde elles på denne pinsedagskvelden ein tydeleg parallell til sjølve pinsedagsunderet som opna for å høyre om storverk på sitt eige mål.

"Om vort skriftspråk"

Ottar Grepstad har hatt ei omsetjarhand i det som var ein raud tråd i programmet for kvelden: Programskriftet som Ivar Aasen skreiv berre 22 år gammal. Aasen skreiv sjølv dette på dansk, i førekant av sitt eige målreisingsarbeid. Grepstad hadde omsett det til nynorsk for dette høvet. Såleis baud kvelden på ein "premiere": Dette var første gongen at teksten som Ivar Aasen skreiv på dansk, vart brukt på ei scene i hans eiga målform.

Det gjorde eit sterkt inntrykk å høyre kor klårt og uredd Aasen allereie den gongen formulerte det som vart livsprogrammet hans. Vi vonar at omsetjinga vert å få i trykt form.

Enok Kippersund

Om du har lyst å gi tilbakemelding til Hugen, her er adressa: enok@kippersund.no

5.6.2006 - E.K.

Hugen