rit Av Enok Kippersund (10 vedtak) Den norske nedbørsfamilien held i desse dagar generalforsamling i eit lavtrykk vest for Stad. Eit forslag frå ei haglbyge om å gå over til regnboge i gult og blått, har blitt nedstemt med vått fleirtal. .(9 det var der) Morgonen er grå og haustvåt. Over handbaken kjenner eg noko veldig lett, som blir borte, men som heng att og er usynleg. Åja, eg har slite over ein spindelvevtråd. Men korleis får edderkoppen det til, - spenne ut eit vassrett luftspenn på bortimot tre meter mellom to stolpar under verandaen, i høgd med handa mi. Og får meg til å få det på hjernen. Det var der. (8 flyt) Han vender seg tydeleg og høfleg mot meg
og fortel opp att nøyaktig det same som han har fortalt meg to gonger
tidlegare. Tonefallet tyder på at han sjølv opplever det slik at han
fortel meg dette for aller første gong. (7 stemma) Eg sit dupt inne i ein sval ripsbusk og plukkar raude
ripsbær i ei kvit plastbytte. Da ringjer mobilen, og ei stemme spør: (6 han og eg) eg kom ikkje på (5 berre og berre) verre og verre (4 hundar i band) Eg drøymde at ein hund eller ein jerv beit seg fast i handa mi med skarpe kvite tenner, beit og beit så det gjorde vondt. Eg bad han som hadde dyret i band om å ta kontroll over dyret. Da vakna eg, og det var gikta som gjorde vondt i handa. (3 våt draum) Eg drøymde om koss det friske fjellvatnet kom rennande nedover fjellsidene og kor friskt og kaldt det var å drikke av det. Så skulle det tilsetjast eit smaksstoff som heitte mauson for at ein skulle kjenne forskjell på fjellbekkane. Da eg vakna, gjekk eg inn på internett og søkte på ordet "mauson". Det første eg kom til, var eit stort nettverk for slektsforskarar. Det engelske ordet "obituary" tyder nekrolog. Da eg hadde klikka litt rundt og att og fram i mauson-slektene, kom eg til Norway der det var fine bilde frå 17.mai-tog i bygde-Noreg. (2 flittiglise) Flittiglise kan ein kome til å halde for ein blomsterplante til å ha i skuggen. Der kan ho stå blid og blomstrande, og ho ser ut til å trivast. Ikkje så lett å finne andre som gjer ho rangen stridig som gledesspreiar på skuggesida av huset. Men så viser det seg at ho er kuldevar. Ho er snarare enn ein ville tru til å synast at det er kaldt. Sjølv har ho visst aldri teke på seg meir enn å vere ein blomstrevillig stoveplante. (1 måsen) Måsen jagar hegra. Måsen jagar kråka. Måsen jagar måsen. rit = riss, utkast, teikning |