rullestein.jpg (194030 bytes)

Rullestein

Eit tekstprosjekt ved Enok Kippersund

Her er det berre å la slumpen velje seg ein stein, eller begynne med A! Ver så god!

Til A    Til B    Til C   Til D    Til E   Til F   Til G   Til H   Til I    Til J   Til K

Til L    Til M    Til N   Til O   Til P   Til Q    Til R   Til S   Til T   Til U   Til V

Til W    Til X   Til Y   Til Z   Til Æ   Til Ø    Til Å


Om prosjektet:

Bildet ovanfor er frå ein kalender som kom i julegåve frå ein Hugen-ven i Melbourne i Australia. Bildet (for november 2006) heiter "Rullestein" ("Pebbles") og er laga av kunstnaren Mandy Davis.

Meir om henne på:

http://www.tobwabba.com.au/mandy_davis.htm

Kalenderen har tittelen TOBWABBA ART. Dei sju kunstnarane i kalenderen  representerer urinnbyggarane i Australia, og dei tolv bilda står for original kunst i deira tradisjon. Vakkert og særprega!

*

Det er ikkje så lenge sidan eg avslutta skriveprosjektet "Alt er berre hol i hol"   Ei av erfaringane eg da hadde gjort, er at det verkar sterkt inn på skrivinga om eg arbeider etter ei viss form eller ein mal. "Alt er berre hol i hol" skreiv eg som ei framhaldsforteljing, - føljetongen var malen. Kvart kapittel (kvar episode) vart kvar gong skriven ferdig og lagt ut på nettet, før eg begynte på neste kapittel. Når eg begynte på eit nytt kapittel, var det for seint å forandre på noko i eit tidlegare kapittel. Kanskje var eg for lydig mot malen eg hadde valt, men arbeidsregelen hjelpte meg på fleire måtar. Først og fremst styrte regelen meg til å gjere så godt arbeid som eg kunne med eit kapittel før eg gjekk vidare til det neste. Dessutan var det ein måte å kome vidare på dvs. når eit kapittel var levert var det ikkje meir å gjere med det.

Ei stund etter at eg hadde sett punktum finale for "Alt er berre hol i hol", begynte skrivelysta å melde seg igjen. Men, nei, eg ville ikkje skrive eit nytt "band" på framhaldsforteljinga. Skulle eg ta ein periode med å setje tekstar til mine eigne fotografi? Prosjektet VOV vart resultatet.

Så sat eg og såg på den australske kalenderen, og bildet til Mandy Davis gav meg ein ide: Eg vil skrive korte frie tekstar, der kvar tekst skal vere ein "stein". Fleire tekstar (steinar) vil kome til. Vil tekstane etter kvart slipast mot kvarandre og ta form av slipinga? Eller kva vil skje? Ingen ting? Men enn om det kanskje blir eit mønster, - og enn om mønsteret vil bli spennande! (Det høyrer med til historia at eg alltid, heile mitt liv, har likt korte tekstar - som gjerne kan rammast inn og hengast på veggen. Og slike tekstar kan gjerne vere sitat.)

Register over kjelder som blir brukte: Kjelderegister

*

Siste månaden før eg var  ferdig med Rullestein, kom eg samtidig til å skrive Flatpakke-uro   Her var det også ein mal: Ein tekst på haiku-form + foto.

 

Bjørke i desember 2005 - mars 2006
Enok Kippersund

Send meg gjerne eit spørsmål eller ein kommentar!

enok@kippersund.no

 

   Heim til Hugen