B |
| Han hadde ikkje fått all veden i hus
før snøen kom. Alt var greitt kløyvd og klart til å leggast til tørking, men så vart
det liggande igjen ein slump som det ikkje var plass til på hengaren. For at ikkje
vedagrannet berre skulle liggje der og trekkje til seg væte og surne og smårotne,
kvelvde han trillebåra over den vesle haugen. Det var ikkje noko stort kvantum,
pytt-pytt, men han hadde både felt treet, kutta det opp i høvelege kubbar og så kløyvd
kubbe for kubbe for hand. Kløyvd dobbelt så det var eigentleg ein luksusved. Når
vinterkvelden kom med kulsing og hustring skulle det bli stor glede for også denne
forsyninga. Dei ville gi varme for både eit og to døgn. Fjelgt og godt skulle det bli i
stova. Det kom snø og trillebåra stakk så vidt opp or det kvite og viste kor ho låg trufast og tekte og dekte over brenseldepotet som ei rugande høne. Snøen begynte å kverve. Ein ettermiddag tok han like godt og grov den samansmelta snøen bort frå trillebåra og sette ho i si rette stilling med hjulet ned. Veden låg der og var rein og fin i seg. Hadde visst jamvel turka mens han låg i hi. Berre eit par tynne kjeppar som ikkje hadde berga seg inn under stakken på trillebåra, var ikkje til noko, og han kasta dei bort i tomta der det skulle fyllast igjen. Det vart eitt lass i båra, og det vart eitt til. Han kunne ikkje skubbe båra føre seg i blautsnøen, men det gjekk greitt å gå baklengs og drage henne etter seg. Til så lenge kunne veden heller liggje her innved husveggen i ein telefonkiosk som han hadde kjøpt billeg av Telenor. Kiosken hadde han tenkt å setje ut i hjortevaldet. Han ville kamuflere han og ha han til skyttarhytte på den gode posten i skogkanten. Da han kom att med trillebåra tredje og siste gongen, låg der ein kubbe som var spesielt velskapt. Det skein og lyste av han, slik ein vedkubbe skal sjå ut på eit julekort. Han tok han opp og kjende kor godt det var å vege han i handa og tenkje på kor herleg han ville ta fyr så det spraka og small, når han skulle opne omnsdøra og leggje denne stjernekubben inn i glohaugen. Så begynte han å lese kubben. Der stod det: "Det er ikkje tilfeldig at at den nykritiske perspektivløysa i litteraturvitskapen fall saman med tida då nye elektroniske media, først radio og så TV, tok til å gjera seg gjeldande. Dette verka slik at dei trykte tekstane vi gjerne kallar for skjønnlitteratur, fekk stadig mindre å seia for meiningsskapinga og ideologiformidlinga i vestlege samfunn." |