C

Små barn er komne til ein militærleir for å lære at dei ikkje skal vere redde for soldatar. Ein "onkel soldat" sit med ei 6-år gammal jente på fanget og småsnakkar med henne. Dei får sendt bort til seg luva til ein annan soldat. Luva er stor, lyst kamuflasjefarga med bleike fargar av ørkenkvitt og utvaska khaki. Ho liknar på ein kasserolle med ein liten svart og blank luveskjerm. Det må vere eit stort hovud som brukar å vere inni denne luva! Og skallen må vere sylinderforma, rund som ei flaske. Minner om fransk militær, framand-legionær. Linninga på innsida er skiten av sveitte. Dei snur og vender på luva og ser ned i ho innvendes. Ho er ikkje farleg, er ho? "Onkel soldat" får auge på noko inne i huva, ser ut som han oppdagar noko å lese. Brått reagerer han og sender får seg luva: "Oj oj, dette blir i meste laget!"

<<< Til B       Til D >>>

  Om Rullestein      Kjelder       Heim til Hugen