D |
| Smoll kalla vedkassa si for
Gardermoen. Det var avisene som hadde hamna der og som venta på avgang vidare, som hadde
blitt opphav til dette namnet. Dagspressa som kom i huset, vart lesen meir eller mindre
grundig. Deretter vart avisene oftast kasta i vedkassa for å vere for handa når det
skulle fyrast i omnen. "De får ta eit opphald der, slik som dei som ventar på
avgang på Gardermoen," sa Smoll. "Kor lenge de må vente, er uvisst, men før
eller seinare skal de få sleppe vidare på dykkar ferd." Smoll hadde god og turr
ved, småkløyvd og grovkløyvd - begge deler, men når det skulle fyrast opp, måtte han
ha noko til kveiksle under dei første finkløyvde vedstykka. Han tykte at det då var
greitt å bruke gamle aviser. Når han skulle gjere klart for å fyre opp, sette han seg på krakken framfor omnen og let opp omnsdøra. Over hendene kjende han ein lett kald trekk, og det følgde med ei svak lukt av oske og sot. Snart skulle det brenne lystig inne i kammeret som enda var tomt og mørkt og kaldt. Han brukte alltid å fyre litt kvast med det same, med trekkluka vidt open, for å få ein skikkeleg glodunge. Etter kvart stilte han ned trekken og let fyringa gå over i ein god og vedvarande småvarme. No og då måtte det hivast innpå eit par kubbar for å halde varmen passeleg ved like. Trekken vart sjekka og justert. Han tok opp den fyrste avisa, reiv laust den fyrste sida og begynte å balle ho i hop, høveleg fast - ikkje for laust, ikkje for hardt. Slik gjekk det slag i slag med avisside etter avisside. Dei vart rulla i hop ei for ei og kunne likne på slike tullar dei lagar når dei kardar ull for spinning, små vondlar. Ei for ei stabla han dei inn i kammeret, like innanfor døra, i pent ordna stabel som Daudehavsrullar i ei grotte ved Qumran. Eller stabelen kunne få ein til å tenkje at avissidene var illegale og her lagde inn på eit hemmeleg lager, eit depot. I Gardermoen var det spenning: Kor mange av dei ville bli ekspederte i dag? Som for å vise ein tekst ei siste ære kunne Smoll plutseleg setje seg til å lese på ei side. Det spelte ingen rolle om avisa ikkje var dagsfersk. Som ein hund som rutinert snusar seg fram gjennom haustturt lauv, og så plutseleg gjer ein fangst, slik kunne Smoll også plutseleg gjere eit varp. Avisa hadde han hatt framføre seg både ein og to gonger tidlegare, men DER! - der stod det noko å lese som om det var skrive med lysande blinkande skrift i fargar. For ein notis, eller for eit intervju, eller for ein reportasje, - for ein bilettekst eller ein kronikk var jo dette draumen dei hadde bore på heilt sidan prentesverta hadde turka og bodskapen deira var klar for eit lesande publikum: å bli funnen av ein lesar som kasta seg over ein med grådig appetitt og så ikkje ville gi slepp på funnet. Og då kunne dét skje, det som kvar av tekstane i køen håpa skulle skje akkurat med seg: Smoll strekte seg etter saksa og klipte ut det han hadde funne - kanskje han ville sende det som brev med ein liten kommentar til broren, han Arkus Smekker, eller til systra, ho Bodil Blodbøk. Eller han festa det med limband på døra inn til spiskammeret. Og i dag gjorde Smoll eit stjernefunn! Men til undertrykt krampegråt og stor harme for avisene i køen, var det ein kø-snikar som denne dagen fall i den store nåden til Smoll. Eit ark, som slett ikkje var ei avis, som hadde kome skeivt gjennom kopimaskinen, hadde han halvt i distraksjon kasta i Gardermoen i staden for i papirkorga ved skrivebordet. Han kneip om arket, lente seg lett tilbake, og no var Smoll tapt for denne verda. Før han hadde rispa fyrstikka og fått det til å flamme opp i omnen, var han sjølv i fyr og flamme. Han las i intens konsentrasjon det som stod halvt på skrå på det kasserte kopiarket: "Peter Bastian (1988): "Eksemplet med sambaen viser: det er ikke mulig å skrive ned musikk med noter. For å få rytmen til å svinge kreves en så knivskarp balanse mellom de forskjellige ingredienser i rytmen at antallet uswingende sambaer er uendelig i forhold til det punktet der det swinger. Det er rett og slett ikke mulig å fylle på med tilstrekkelig informasjon i notebildet til å sikre swing. Hvis vi ikke kjente samba fra før, ville vi ikke være i stand til å spille den med noe i nærheten av den riktige fornemmelse, uansett hvor mange kunstgrep komponisten har tatt i bruk."" |