H

Det var nokre fiskarar der i fjorden. Dei skulle snart heim att, for det mørkna og dei måtte i fjøs. Då sa dei til kvarandre: "Lat oss fare inn i Bortevikja og sjå om det er sant at det har kome lys i grana på Bortevikneset?" Alle saman starta påhengsane sine og svinga innover i samla flokk. Og, der! Det viste på lang avstand. Der stod grana full av lys.

Dei stoppa motorane. Kvar mann la seg litt over til sida og heldt fast i båten attmed. Stilt låg båtane på den svartstille sjøen som ei drivande garnlenkje.

Då dei kom heim att, fortalde dei at grana på Bortevikneset var berre lys over heile seg. "Enda lyspærene var festa utvortes på kvar si grein, såg det ut som om alt lyset kom innanfrå, som frå eitt lys," sa dei. "Tenk deg, det halvturre granbysket som han gut på Bortevikneset kvart einaste år har lovd på at han skulle få nissen til å hogge ned!"


<<< Til G      Til I >>>

        Om Rullestein      Kjelder       Heim til Hugen