I

"Poetisk form er både skipet og ankeret. Den er på same tid både oppdrift og fasthalding og gir samstundes rom for gleda både over det som er sentrifugalt og det som er sentripetalt i kropp og sjel. Og det er ved hjelp av slike midlar at verket til Yeats gjer det som den naudsynte poesien alltid gjer, den rører ved grunnlaget for vår medfølande natur på same tid som den tar inn den ufølsame naturen i ei verd som vår natur konstant blir eksponert for. Diktets form er med andre ord avgjerande for poesiens evne til å gjere det som alltid er og alltid kjem til å vere poesiens oppgåve; evna til å overtale den sårbare delen i medvitet vårt om at det har rett trass i alle prova på galskap overalt rundt det, evna til å minne oss om at vi jaktar og samlar på verdi, at sjølv einsemda og frustrasjonen vår har noko godt i seg, fordi dei òg ærleg vedkjem vårt heile og fulle menneskelege tilvære."

<<< Til H     Til J >>>

   Om Rullestein      Kjelder       Heim til Hugen