L |
| Karlsvogna krasjlanda i byggefeltet to av stjernene omkom restane av dei fem andre heng att i gatelyktene og får tilført kunstig næring frå kommunen handtaket er borte vogna er eit vrak og må trille vidare på den skeive skalken av hjulet. Men, det seier eg, det kunne jo gått mykje mykje verre |