O

"Vegen over Fillefjell.

Heilt frå gammal tid har mykje folk fare leia gjennom Vang og over Fillefjell. Dette var lenge snøggaste vegen mellom Aust- og Vestlandet. Mange av stormannsættene i Valdres var knytte med sterke band til folk i andre landsluter. Dette ser ut til å ha ført med seg mykje ferdsle mellom folk i og utanfor dalen. Eit merke på eldgammal kultur i bygda er Vangssteinen. Den er truleg reist like etter år 1000 og ber innskrifta: "Gåses søner reiste denne steinen etter Gunnars bror." Steinen som er i valdresskifer, står utanfor kyrkja i Grindaheim.

Snorre fortel at Olav Haraldsson fór gjennom dalen på kristningsferd i 1023. Mykje av Vang vart den gongen lagt øyde etter herjingane hans. Snorre fortel at bøndene ikkje kunne semjast. Bygdekrangel og eigeninteresser gjekk framom vernet mot den felles fienden som brått hadde kome over dei frå Fillefjell. Olav greidde difor å tvinge bøndene til å ta mot kristendommen, men det gjekk nok lenge før kristen tru og moral verkeleg hadde grunnfest seg hos allmugen.

Men ferda hadde vore ei merkeleg hending for bygdefolket. Tradisjonen om Olav voks seg stor og livskraftig opp gjennom mellomalderen. Olsok vart feira med stor høgtid på alle stølane i Valdres - også etter reformasjonen. "Gamle" olsok etter den julianske kalenderen var så seint som 9.august etter vår tidrekning. Då var stølsslåtten unnagjord, og onnefolka fekk slåttegraut og heldt dans og moro på dansefestane. I alle Valdresbygdene har det levd ei mengd segner knytte til Olav. Dei aller fleste er opphavssegner og fortel om den underfulle kongen som fekk klåre vasskjelder til å fosse fram or tørrhaugen eller harde berget. Andre gonger kjempar han mot troll og "bryt veg gjennom urda"."


<<< Til N  Til P >>>

   Om Rullestein      Kjelder       Heim til Hugen