P |
| "Tidsbilete. 21.januar 1968, klokka 09.29 lokal tid, bryt det ut brann i varmeapparatet til eit B-52G bombefly frå 328-skvadronen på 24-timarstokt frå Plattsburgh, New York. Cockpiten blir fylt med røyk, hovudsikringar ryk og kaptein John Haug sender ut naudsignal 67 kilometer frå Thule-basen på Nordvest-Grønland. Dei seks i det faste mannskapet som har ejektorsete, skyt seg ut og overlever. Den sjuande, mystiske, som korkje er registrert eller autorisert passasjer, døyr då bombeflyet i ein fart på 900 km i timen styrtar i havisen berre 11 kilometer frå basen, med fire MK28 termiske atombomber, kvar på 1,1 megatonn, om bord. Minst to av bombene blir splintra og uran og plutonium spreidd ut over eit stort område, saman med meir enn 100 tonn brennande flybensin. 2000 mann blir mobiliserte til ryddinga, danske sivilistar, lokale inuitar med hundesledar og USA-mannskap på basen. 1700 av dei fekk sidan skadebot for å ha blitt utsette for radioaktiv stråling. Det ureine området blir til sist dekt med svart sand, for å hjelpa sola til å smelta havisen, så elendet søkk og berre kontaminerer havbotnen. Grønland er dansk territorium, men Danmark korkje ønskte eller kjende då til at atomvåpen blei frakta over og lagra der. Dei lokale inuitane blei heller ikkje spurde, men tvangsflytta til Qaanaaq i 1953 for å gje rom til basen, og miste såleis tilgang til dei tradisjonelle fangstområda sine. Femti år etter fekk etterkomarane, og det måtte ei høgsterettavgjerd til, fattige 17.000 danske kroner kvar som plaster på såret. Målet til interesseorganisasjonen deira, Hingitaq 53 - "dei fordrivne" er å bli kvitt Thule-basen og flytta heim, og dei vil no ha saka opp for den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg jox" |