T |
| "Sjølv om svært få har sett ein enkeltbekkasin skikkeleg, er det likevel mange som kjenner arten. I boka Norges Fugler er han oppført med heile 20 lokalnamn, og plussar vi på "veitejevel", som altså ikkje står der, ligg han med det på ein tredjeplass. "Mekregauk", "mekkergeit", "humregauk", "himmerhest", "myrbukk" - nesten alle namna fortel noko om den underlege låten som særleg hannen lagar på hekkeplassen. I eit slags fluktspel sirklar han over myra si, og kvar gong han legg seg over på sida og stuper skrått nedover, høyrest den spesielle mekringa eller humringa. Stjerten tener som instrument, og etter det ein trur, oppstår lyden ved at luftstraumen set den ytste stjertfjøra på kvar side i svingingar. Under stupet er stjerten heilt utspilt, men desse to fjørene sprikjer godt ut frå resten av vifta. Skjelvinga kjem sannsynlegvis av at vengene vibrerer, slik at luftstraumen berre treffer stjertfjørene støytvis. Spel-aktiviteten er størst morgon og kveld, og det verkar som disig vêr er ideelt, jamfør lokalnamna "skoddefole" og "tåkehest". Enkeltbekkasinen hekkar i alle verdsdelar, utanom Australia. Hos oss er han vanleg både i fjellet og låglandet, men i dei sørlegaste landsdelane er han først og fremst ein fjellfugl. Same kvar han held til, vil han ha det svært fuktig, og i hekkesesongen finn vi han gjerne på våte grasmyrar." |