W

Det var ikkje ofte at Bodil Blodbøk tok buss, men i dag skulle det skje. Etter ei stund stogga bussen, og ein flokk med skuleungar kom på og fann seg plassar. Å ta bussen var ein del av deira daglege skulegang, og dette kunne dei. Bussen som ikkje hadde hatt så mange passasjerar, vart no fylt av ranslar og jakker og plastnett og pratande ungar.

"Så heldig eg var," tenkte ho. "Dette var da reine festlyden, og dette må vere skuleskyss på sitt beste. Eg vil bli skulebuss-sjåfør."

Ei jente i 10-årsalderen hadde sett seg attmed henne med ranselen nede på golvet mellom føtene. Dei såg på kvarandre. Jenta hadde eit ope og trygt blikk, og eit direkte spørsmål var ved å vekse fram.

"Er du tanta til Stefan," spurde jenta.

"Nei, eg er nok ikkje det," svarte Bodil. "Eg er søster til ein som heiter Smolk som eg skal besøke."

"Vi held på med prosjekt om dokumentasjon," sa jenta. "Skal du og eg dokumentere oss?"

"Ja, kom igjen, men du veit koss vi skal gjere det."

Jenta bøygde seg ned mot ranselen, løyste opp reimane som heldt toppklaffen og drog opp ein speil.

"Sjå inn i speilet saman med meg," sa jenta og heldt det halvstore speilet opp i avisavstand. Bodil lente hovudet innåt jenta sitt, og dei kunne sjå kvarandre saman i speilet.

"Vi har glatt hår begge to," sa jenta. "Og så er det mørkeraudt."

"Ja," sa Bodil. "Og derfor kallar bror min meg for Bodil Blodbøk."

"Eg heiter ikkje Bodil," sa jenta. "Eg heiter Amalie. Og broren  min heiter Geir."

Amalie og Bodil sat med speilet framføre seg ei stund og såg og smilte inn i det. Bussen humpa og svinga.

Amalie tok ned speilet.

"Har vi dokumentert oss no?" spurde Bodil.

"Vi har begynt," sa Amalie. "No er det din tur."

Bodil sat med veska si i fanget. Ho opna glidelåsen.

"Eg har med meg kikkerten til bror min, som han skal få tilbake. Men viss du og eg treffest på bussen i morgon, og eg kan få låne speilet av deg, så skal du få låne kikkerten."

"Kva vil du gjere?" spurde Amalie.

"Eg vil høyre med Smolk om han og eg kan dokumentere oss."

<<< Til V   Til X >>>

   Om Rullestein      Kjelder       Heim til Hugen