X

"(Halvor Floden) Det vi har greidd, er no det so uhorveleg? Vi har funni at det rår visse lover mellom det skapte. Dei lovene tykkjest vera ubrigdelege og universelle. Somme av desse lovene kjenner vi litt til, men vi kjenner truleg ikkje alle, kanskje berre dei færraste. Vi kjenner inga naturlov til botnar. Vi veit berre at gjer vi så og så, da hender det og det: Slår vi to steinar mot einannan, da smell det og gneistar. Svingar vi ein magnet framom ein kopar-tråd-spole, vil noko av rørsle-energien gå som ein straum frå spolen gjennom lange trådar, så vi kan nytte energien til drivkraft langt borte. Men ingen veit korleis dette går til, det er uskjønleg som eit under for alle menneske. Vi veit ikkje kvifor den elektro-magnetiske verknaden kjem fram, vi veit berre at det og det hender. Og såleis er det med all naturen og alle naturlover: Vi kan lite svare på korleis og kvifor. Kva er det for ei ovmodig tale å seie at menneska meistrar naturen og naturlovene?"

<<< Til W   >>> Y

       Om rullestein   Kjelder    Heim til Hugen