Å |
| "Takk for god middag!"
seier Bodil Blodbøk til bror sin. "Du skal sjølv ha takk for at du kom og besøkte meg," svarer Smolk. "Skal du ikkje opne pakka som bussjåføren sende med meg?" "Opne du mens eg gjer klart sjakkbrettet." "Å, det store, med dei flotte handskorne brikkene!" "Klart det." "Det var noko til innpakning. Så mykje silkepapir. Men sjå her! Kva er det?" "Kva du trur?" "To svarte figurar, og så to som er kvite. Dei liknar på sjakkbrikkene. Men dette er fuglar. Dei er heilt nydelege." "Dei er skarvar. Du ser det?" "Ja, lange halsar. Og dei turkar vengene." "Skarvane skal inn i staden for springarane." "Fuglar i sjakk?" "Nemleg." "Okei. Slik?" "Du får kvit. Du begynner." "Greitt. Kvit skarv g1 - f3."
|