Nord/Sør-vibrasjonar

toft01.jpg (192966 bytes)

 

Konstruktivt samband mellom nord og sør som er med og skaper ei byggjande framtid

Først og fremst ei orientering om at ‘silda er koma’ og at sjansane for godt fiskeri ligg ventande på oss.

Ei orientering om kva som kan ligge av muligheiter i eit samarbeid med Sør-Afrikansk ungdom.

Ei oppmoding om positiv deltaking og konstruktivt og lønsamt engasjement

 

 

Å utforske horisontane

Me bor i eit rikt land, og i ein kommune og i lokalsamfunn der arbeidet for å skape auka velstand, økonomisk såvel som sosialt, er naturlege og vesentlege element.

Me opplever ei rivande teknisk utvikling som endå meir enn før gjer verda mindre og nærare, som i stendig sterkare grad ber oss med inn i ein aukande globaliseringsprosess. Dette set aukande krav til oss innan ulike felt, men gjev oss og muligheiter.

Det er då avgjerande om me maktar å få med oss det vesentlege på vegen, etter kvart som me i stor grad er med og legg han.

Alle menneske lever i sitt tilvere, meir eller mindre avgrensa av sine horisontar. Å stendig utvide desse horisontane, og såleis også auke livsrommet innanfor dei grensene desse set, har vore og vil vere særs viktig.

Det er diverre så alt for lett å falle i den fella, når tilbodet er rikt, at ein gløymer at ein berre er ein del av noko størrre, og at ein konsentrerer seg for hardt om sin eigen navle. Ein kan faktisk gløyme å vere nysgjerrig og leikande, og gløyme "å utforske mulighetenes horisonter" som det så viseleg er sagt.

Gjennom eit konstruktivt og gjensidig samarbeid med korpsrørsla i Sør Afrika, The Field Band Foundation, vil me få sjansen til å vere med på å utforske ein ‘klangfull muligheits-horisont’.

Her er høve til å hente mykje, for einskildmenesket og for institusjonane våre. Her er mykje gro-villeg ny-attelege for både kulturverksemd og for skule. Her kan godt gjødslast og såast, og her kan rikt haustast - på mange ulike felt og for mange!

Ein vil difor oppmode ‘alle gode krefter’ til å gripe den eineståande sjansen ein her har til å vere med på eit konstruktivt og utviklande tiltak. Til å vere med å leggje ut på ei ferd mot nye horisontar, ei ferd som etterlet seg eit kjølvatn med gode etterklangar

toft02.jpg (206393 bytes)

 

"Trekkfugl"/"Travelling Tern"

 

toft03.jpg (43435 bytes)

Eit prosjekt berande med seg ein grunntanke om å dele på ein tone, -ein tone som både kulturelt og menneskeleg strøymer gjennom oss alle, og gjer livssongen vår verd å syngje.

BAKGRUNN

Seinhaustes 1999, fekk skulekorpset på Fjørtofta langvegsfarande gjester. Det var Retha Cilliers og Mpho Mathabe frå Field Band Foundation (FBF) i Sør Afrika som kom. Saman med dei var Håkon Mogstad frå Norges Musikkorps Forbund (NMF).

Men, som ei av jentene i korpset vårt sa det: "Kva i all verda skal dei her? Og så heilt frå Sør Afrika! – Her er då ikkje noko å sjå !?"

Jau, reformprosessen som var sett i gong i skulekorpset på Fjørtofta, der spesielt dette med identitetsbygging/-styrking var sentralt, hadde blitt vide lagt merke til. Når så folk frå ei relativt nystarta korpsrørsle i Sør Afrika (SA) no kom til Noreg for å hente idéar og inspirasjon, så valde NMF å bruke korpset på Fjørtofta som eit verdig mål for vitjing.

Sidan då, har ein hatt jamnleg kontakt med Retha Cilliers og FBF. Dette har vore kontakt som har gått via straumpost for det meste. Vidare har Øyvind Storheim frå NMF, som frå deira side arbeider med kontakten dit ned , vore i jamnleg kontakt hit også.

Til liks med terna, denne lystige dansaren mellom kystfuglane, vil ein no såleis gjennom konstruktiv samhandling søkje å utveksle, og hente, overskot for trivsel der denne finst. Kvart bidige år gjer denne spede fuglen eit vanvittig langt trekk, like frå oss og ned til Sør Afrika sine kystar om hausten, og andre vegen om våren. Lang, men lønnsam er denne slitsame ferda. Heile tida hentar dei føde, og hentar livd, der denne er best å finne.

 

- Og kvifor skulle ikkje me og gjere nett det ?

 

FIELD BAND FOUNDATION – Kva er så det ?

Øyvind Storheim frå NMF seier.....

Historie

Målsetting

* Musikantane får oppleve aktivitet med gode attendemeldingar

* Dei unge får høve til å flytte seg ut av sitt eige nærområde (dvs. reise i Sør Afrika),

nye opplevingar som gir viktige verdiar til musikantane. Mange av dei har knapt nok

vore ute av sin eigen bydel (!)

Aktivitet/ressursutnytting

Driftsform

Økonomi

Honorar

 

SAMARBEIDSAKTIVITETAR

NMF/FBF Samarbeid

Å leggje til rette tilhøva for positiv utvikling og vekst

Å gjere FBF "sjølvhjelpt" med lærarar/instruktørar for kvalitativt god opplæring

Utveksling til beste for begge partar

 

Instruktør- og utøvaropplæring

Grunnleggjande opplæring. Mange av lærarane har ingen musikalsk bakgrunn, bortsett frå eigen aktivitet (det at dei har lært å spele). Opplæring er difor eit svært viktig byggje-element framover! Dette kan ein nå, ved t.d. :

     

Arr. av- og tilreettelegging av musikk

 

Bidrag til utstyr/instrument

Slitasjen på utstyret er stor. Alt utstyr vert brukt 5 til 6 dagar i veka på øvingar i 2 og 3 ulike korps. Det vil seie også av 2 eller 3 ulike personar

Sosiale relasjonar

Ein vil vektleggje kontakt mellom norske korps og SA korps, både på korps-

og på personleg plan.

Musikar/konsert-utveksling

Samarbeid knytt til FBF sine nasjonale samlingar

Norsk deltaking med undervisning i for- og etterkant av nasjonalt meisterskap

Ev. deltaking på "utvekslingskonsert" i SA

Arbeid opp mot auka medie-fokusering av aktivitetar og internasjonalt samarbeid (SA/N)

toft04.jpg (161493 bytes)

Der er kome i gong konkret engasjement frå offentleg hald i SA i høve internasjonalt samarbeid

 

Adresser:

Fjørtoft Skulekorps v/ Kjell Einar Fjørtoft, 6294 Fjørtoft

Tlf: 702 11 330, Straumpost: kfjoerto@online.no

Internett: www.mamut.com/fjoertoftskulekorps

 

Kulturkonsulent Frode Elias Synnes, Haram Kommune, 6270 Brattvåg

Tlf: 70 20 75 00, Straumpost: frode.elias.synnes@haram.kommune.no

 

<<<Hugen             Tekst-album