Tromsøgløtt desember 2000
Av Edin Kippersund
På min daglege tur til kontoret går eg framom Ishavskatedralen - eit av dei mest kjende landemerke for Tromsø. Det særmerkte, bygget er som ein serie trekantar tredd oppå og inn i kvarandre med glasfelt i mellom. Dette har eg framfor meg når eg kjem ned frå Tromsdalen. Då ser eg lysa frå byen tvers gjennom kyrkja, gjennom glasfelta. I glasfelta er det montert lys, slik at trekantane vert ein lysande skulptur som fangar auga om du kjem med fly eller ser eit oversiktsbilde av byen. Lyset frå glasfelta mellom takelementa spreier seg ut over takflatene utvendig og lyser opp kyrkjeromet inne. Frå sida kan bygget, med sin spenstige svung i takmønet, minna litt om den omstridde skulpturen av Olav Kyrre i Bergen.
Vidare går turen min over Tromsøbrua som er eit like kjent byggverk for byen. Det tar meg ti minuttar å gå over brua som ber meg fram på tunne, bivrande stålplater høgt over sundet med skipstrafikken til byen. Rett imot har eg profilen av Tromsøya med tre høgblokker på toppen. Som ei fjerde blokk i same storleik som dei andre stikk toppen av det steile fjellet Blåmannen seg opp frå Kvaløya lenger vest. Inntrykket av denne fjelltoppen skifter frå dag til dag. Ein gong ligg han der som ein bygning på lik linje med blokkene, neste dag er han oppløyst i en blå dis eller han skin i morgonsola. På desse morgonturane mine får eg med meg mange av skiftingane frå dag til dag i det nordnorske lyset og veret som har vore så mildt, fint og roleg i haust. Fyrst nå ut i desember vippar gradestokken så pass under null at vi kan tru det vert vinter i år og. Men han kjem nok, og let det lava ned ein ofse med snø i det neste året.
Det er fint for oss her nord at sommartida no ikkje vert bytta ut før i oktober. Det gjer at vi får med oss meir ettermiddagslys. Inn i den ellevte månaden kan det vera det same når klokka seier at det er kveld, for då tek mørketida over, og det er lite dagslys att tidleg på ettermidagen. På min daglege luftetur i lunsjen tok eg farvel med dei siste solstrålane i år rundt den 20. november.
Spaserturen til arbeid tar meg ein knapp halvtime. Det er ein oppfriskande start på kontordagen i byutviklingsseksjonen i kommunen, der eg som AFP-pensjonist er leigd inn som fast lausarbeidar. Der har eg fri og arbeider nett når det passar meg i eit fagmiljø som eg kjenner meg vel heime i. Eg veit ikkje korleis eg kunne få det betre.
Og i Tromsdalen bur eg godt på ein framifrå plass. For dette er ein av dei beste bydelane i Tromsø med tanke på natur og det vi treng til dagleg av tilbod og tenester. Vi har rimeleg gangavstand til alt frå barnehage, og skule til daglegvarehandel, post, bank og apotek. Like borti vegen ligg bilettbua til fjellheisen som kan ta oss opp på eit utsiktspunkt og turterreng i høgfjellet med skiføre til langt ut i midnattsola. Som sagt er det ein knapp halvtime å gå til sentrum i ein triveleg, liten storby med universitet og kulturliv eller ein stor småby der vi treff kjentfolk når vi er på byen.
Livet mitt har sine kjende, trygge hovedtrekk frå dag til dag, samtidig som kvar stund og time er ny og ulik alt som har vore. Her er ikkje rom for å stivne i vanar, for handlingar og hendingar som ein dag går greitt, snur seg med ein liten vri til noko ukjent den neste.
Med den daglege turen min gjennom byen i tankane og det eg opplever der, skiftande frå dag til dag - av ver, vind, lys, natur, bygningar, trafikk, by ser eg likskapar med det eg møter i det livet eg lever. Blåmannen ser for meg ut til ein gong å vera ei bastant blokk i byen, for neste dag å vera lettare enn luft langt borte. På turen høgt oppe i lufta på den store, sterke, men skjelvande brua, fangar eg ein samansett tone av vidsyn, vilje, vågemot og vegring. Og når eg ser Tromsdalskyrkja frå sida er den byrg, høgreist og frampå, samstundes som ho frå ein annan kant er gjennomsiktig og opnar synet for det nye i det som alltid har vore der.