Brev frå brettet

forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund

Kapittel 3

Dyveke sin vesle plan om "ei lita bordsete for fire" vart det ikkje noko av. Like før vi framme ved Sinclair Kro, kom ein av foreldra bakover i bussen med ei melding til Dyveke: "Audun er sjuk og har feber." Dyveke tok seg ein tur framover og kom tilbake på det urolege bussgolvet som om ho sumde motstraums: "Heimlengsel og anna uro i sinnet kan og skal inntreffe på ein konfirmantleir. Vi må ta høgde for det, men det er ingen tvil: Audun er ikkje den første som ville gitt etter for heimlengsel, men haudeverk og kaldsveitte og heteflager får han til å vurdere i alle fall å ta eit avbrot." Så følgde ei økt med mobilsamtalar og samråd. Enden på visa vart at Dyveke og Magnvald skulle halde Audun med selskap på Sinclair Kro til kjærasten til den eldre broren hans som hadde bil, kom og henta han. Audun hadde ikkje berre seg sjølv og ein bag og ein sovepose, men han hadde også ein gitar med forsterkaranlegg og diverse utstyr. Derfor var det greitt at Magnvald gav seg med som bakkemannskap for å hjelpe til. Spørsmålet var berre om kjærasten til broren til Audun ville innfinne seg før bussen vår skulle køyre vidare? Men Dyveke var sikker: I Gaza ville ikkje dette ha vore noko problem, og vi skal heilt sikkert klare det her i Gudbrandsdalen også!

Bussen hadde funne oppstillingsplassen utanfor kroa. Her var fleire bussar og folk som stima ikring. Konfirmantane, minus Audun, fann den andre bussen dei skulle vidare med og etter kvart kom dei seg i veg. Nokre som hadde vore på WC kom skrattande og hoiande i siste liten. Audun var tapper, og var nok glad for at Dyveke og Magnvald fann eit bord innandørs og sette seg ned saman med han.

"Kom!" sa Lene Margrete til meg. "Du og eg tar oss ein liten spasertur!" Vi gav oss inn på fortauget og begynte å gå i motsett retning av den vegen vi nettopp hadde kome med bussen . "Vent litt," sa ho og vippa av seg den snertne byranselen. Først kom ho opp med ein sigarett-tennar: "Nei, eg er ikkje brannstiftar." Så kom ho opp med ei øskje cigarillos. "Vil du ha?" kom ho på. "Ja takk," sa eg. "Men eg kjem ikkje til å røykje han, eg legg han inn i reiseminnesamlinga. Ahh! Spennande godlukt!" Ho kveikte sin eigen og tok seg eit drag. Så smette ho på seg att den vesle ranselen,  baud meg armen og vi rusla vidare med ein lett eim av mini-sigar ikring oss.

"Her omkring kom det til å gå hardt føre seg i 1612," sa ho og gav opp til å blåse røykringar samtidig mens ho gjekk. "Du såg bildet der inne på Sinclair kro, ikkje sant? Korleis bøndene hadde laga ei velte av tømmer og stein og plutseleg slo til frå bakhald mot dei skotske leigesoldatane som kom til fots sørover. Det var ein siger for heimevernet, om du vil. Det gjekk absolutt ikkje vakkert føre seg. Bondeheren vann og tok ein heil flokk med fangar. Tradisjonen seier at dei vart haldne innesperra i ei løe til morgonen etter. Då var det ingen nåde, dei vart tekne ut av løa ein for ein og gjort ende på." Ho begynte å gå i militær takt mens ho snakkesong første verset i visa etter Edvard Storm:

Herr Sinclair dro over salten hav,


til Noreg hans kurs monne stande;


blandt Gudbrands klipper han fandt sin grav,


der vanked så blodig en panne.
 

"Men her kom også til det til å gå hardt føre seg, dryge tre hundre år seinare, i slutten av april 1940," sa ho. "Norske og engelske soldatar prøvde å stoppe og halde igjen tyske styrkar som hadde tenkt seg nordover. Det var ein uventa samanstøyt for begge partar, om noko kan vere uventa i ein krig. Det gjekk mange liv, eg veit ikkje kor mange. Her er ein fredspark like her borte med minnestøtte over dei norske falne, og der er æresgraver for dei engelske utanfor kyrkja. Der borte på andre sida av vegen, i den store bygningen, ligg Gudbrandsdal krigsminnesamling. Dei tyske falne vart frakta unna utan at talet er kjend. Gamlekyrkja brann ned under kampane, og bortimot hundre  hus strauk med. Frykteleg. Kanskje den hardaste nærkampen i Sør-Noreg under krigen. Folk flykta opp i fjellet og derifrå såg dei korleis heimbygda vart opp i ei eldmørje. Tenk deg å stå hjelpelaus der oppe i den kalde aprilnatta og vere vitne til at røyken velta opp og det brann og glødde over alt der nede. Kva skal vi gjere med alle desse krigane, Bergljot? Kva skal vi seie når dei unge spør og vil diskutere?" Ho trykte med armen sin mot min.

"Berly," sa eg og trykte tilbake. "Eg heiter Berly, og kjenner ingen andre som heiter det same, men veit at dei finst. Det er nesten best å ikkje vite for mykje om krig."

"Men vi kjem ikkje utanom det."

"Kva seier Dyveke om det? Ho er jo feltprest."

"Ho seier at vi har ikkje rett til å la soldatane vere utan kyrkjeleg omsorg."

"Men kva tenkjer ho om krig?"

"Ho meiner noko slikt som at krig og forsvar ikkje treng å vere heilt det same. Men ho synest det er frykteleg vanskeleg, og så er ho ivrig på at fordi om ho er feltprest så vil ikkje det seie at ho utan vidare forsvarer militære."

"Men ho må vel vere lojal mot forsvaret?"

"Kjære Berly! Dette er det best du snakkar med henne sjølv om."

 Eit vogntog kom mot oss på E6, og ho vinka. Sjåføren gav tilbake ein støyt i det kraftige hornet.

"Skulle vi prøve å få oss ein haik?" sa ho.

"Magnvald og eg har tenkt å prøve."

"Kvar skal de?"

"Kvar som helst. Ingen planar, ingen spesielle mål, vi er på bryllaupsreis etter ei heilt open reiserute og vi har kjøpt impulsfleksible billettar - kanskje Drammen, kanskje Lofoten, kanskje Polen, og gjerne ein stad vi ikkje har tenkt oss. Nett her i stad fekk eg ein tanke om at vi like godt kan leige oss ei overnattingshytte her på Kvam. Så får vi god tid til å gå rundt å snakke oss inn med vogntogsjåførane i morgon."

"Har du gjort dette før?"

"Ja, i si tid."

"Men nei, ingen haiking denne gongen," lo Lene Margrete. "No kan de jo berre ikkje seie nei til å bli med Dyveke og meg heim til oss!"

Vi fekk ikkje tid til å gå innom gjerdet kring kyrkja. "Er det ei slik kyrkje du er prest i," spurde eg.

"Eg er lausarbeidar og vikarierer i kyrkjer både her og der. Og så er eg både kurshaldar og sjelesørgjar, og stundom er eg sjølv ei tåreperse. Men Dyveke er sokneprest og hovudkyrkja hennar er ei staseleg steinkyrkje med lang historie."

Ho kasta cigarilloen frå seg, og det steig opp ei tynn kvit stripe med røyk. Med skoen karva ho han sund og skrapa restane ut i graskanten innved kyrkjegarden.

"Kom kom, Berly," lo ho, greip med i handa og fekk meg med på å begynne å småspringe tilbake til bussen. Men ho gav seg fort, sleppte handa mi: "Det er dårleg med kondisen, eg blir alltid opprådd på desse leirane når det skal leikast tredje mann i vinden eller siste par spring ut eller slå på ringen." Ho stoppa heilt opp: "Du er visst i god form?"

"Velvel, eg har ei fortid som terrengløpar og prøvde meg også på mellomdistansane på bane. Men innimellom får eg skikkeleg styggvondt i ryggen, og kondisen har dabba av."

Lene Margrete begynte å labbe i veg att: "Men LUDO og dam og kortspel?"

"Sjakk!" sa eg.

Ho bråstansa: "Sjakk" ropte ho. "Da er vi i mål. Det vil vere skam og skade om vi ikkje får tatt oss eit parti eller to! Du er kvit!"

"e2 - e4," sa eg.

"e7 - e5," sa ho. "Vi må skrive journal!"

"Opp med farten!" var det nokon som ropte. Det var Dyveke og Magnvald. Vi heldt på å kome for seint til bussen!

"Vent! Stopp, Berly!" sa Lene Margrete med innstendig stemme. Ho tak tak i skuldra mi og svinga meg rundt slik at vi vart ståande kropp mot kropp. Leppene hennar rørte ved mine så lett som vengen av ein sommarfugl.

 

Forrige kapittel     Neste kapittel

Biletet øvst på sida: Kvam kyrkje på Kvam i Nord-Fron, Gudbrandsdalen (Kjelde: Nettstaden "Norske kirkebygg")

  Innhaldsliste

For tilbakemelding: enok@kippersund.no

19.03.2009

     Hugen