|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald ~ av Enok Kippersund Kapittel 5
Der låg vi. Magnvald og eg hadde det godt i ei dobbelseng med herlege dyner og puter og pledd. I stad, då vi begynte å vakne, høyrde vi det knatt i golvet over oss av travle steg. Dyveke og Lene Margrete var på føtene. Plikter og arbeidstid venta for prestar som for mange andre. Men ikkje for folk på bryllaupsreis. Etter at bussen hadde køyrt vidare frå Kvam i går ettermiddag, vart det mørke kvelden før vi kom til busstoppen der vi skulle gå av. Dyveke var vekke i fem-seks minutt for å hente bilen som stod parkert hos kjentfolk. Så bar det beint hit og i hus med oss. Det var ikkje tid for ei langdryg kveldsete, vi tok oss litt mat i all koseleg enkelheit. Så tok dei oss med ned i sokkeletasjen til ei hybel-leilegheit der vi kunne ha basen vår. Vi fekk streng ordre om å ikkje tenkje på andre enn oss sjølve, og late dei to styre aleine med sitt. Til så lenge, i alle fall. "Utpå dagen kjem vi frykteleg tilbake," sa dei. "Og da skal vi ta oss ei økt som huslyd, gjere ledige vedtak om liturgi og samvær." Så der låg vi side om side og smådorma og høyrde koss det vart stilt i etasjen over, ei dør gjekk att, døra vart opna igjen, nokon hadde gløymt noko, døra gjekk att på ny, ein bil starta opp og køyrde bort. Utanfor vindauget kvitra fuglane mens vi låg varme og utkvilde, innimellom nasetipp mot nasetipp og elles med annan godlynt kroppskontakt. Vi vakna smått om senn og kunne ikkje klage på forholda. Vi krodde oss. Her i "underverda" hadde vi altså soverom, dusjkabinett og toalett, og ei daglegstove med kjøkenkrok. Eigen utgang til tomta utanfor, og innandørs tropp opp til hovudetasjen. Eg hivde dyna mi oppå dyna oppå Magnvald og snåva fram på golvet. Opp med rullegardinet. Ei kråke som sat på den blakke bøen eit stykke frå huset, stokk til som om ho fekk eit slag over bakryggen, og tok til vengene med speidande kråkeblikk. Etter kvart kom vi til ein frukost med te og kaffi og restane av nistepakka frå i går. I går kveld hadde vertsfolket innstendig formant oss til å forsyne oss i deira kjøleskåp. Eg tok dei på ordet og hadde vore oppe og funne mjølk og marmelade og to egg til å koke. "Da har vi snart bak oss dei første tjuefire timane av bryllaupsreisa vår," sa eg. "Kor lenge skal vi vere her?" spurde han. "Til kaos fører oss vidare." "Tenkte meg noko slikt, ja." "Til kaos opnar eller stengjer." "Orsak, men du veit eg er temmeleg fersk på desse kaos-greiene." "Hugs at du har kjempeflaks, for du har ein erfaren kaos-los å rådføre deg med." "Det blir no vel ikkje kaos viss du har ein los!" "Kaos og los høyrer saman, viss du ikkje har los blir kaos ein floke!" "Eg blir litt stressa." "Ja, kaos kan vere slitsamt, og dobbelt slitsamt viss du ikkje er glad for å vere der du er så lenge du er der." "Berly! Berly!" "Ja, Magnvald, Magnvald. Kaos funkar best viss vi ikkje tenkjer for mykje på det. Det er viktig å slappe av. Stressar vi, strammar flokane seg berre til meir og meir. Du må vise kaos tillit og la kaos gå for lause taumar. " "Skal vi gå ein tur!" sa han. "Ja, ikkje sant!" sa eg. Så galdt det niste, og eg sende Magnvald opp for å forsyne seg med nokre brødskiver og kvitosten og salamien. "Der låg eit nummer av ei avis som heitte "Slusa". Lån ho med det same!" Eg var ganske flink til å vere lat i dag og fekk ikkje gjort noko med å leite opp turdrakter og begynne å skifte på meg før han var nede att med brød og pålegg og avisa . "Sjå etter om "Slusa" har eit fint dikt eller to å by på. Og så vel du det du likar best og les det høgt for meg." Han krasla seg gjennom avisa. Magnvald er flink til å lese, og no kom det:
|
|
|
07.04.2009 |