|
Brev frå brettet forteljinga om Berly og Magnvald av Enok Kippersund Kapittel 16 12. Ein flokk småungar var komne før oss og sverma kring restane av dei brende bildekka. Dei heldt seg for nasen, oia seg fælt og huja og lo, og det var om å gjere å vere best til å liksom-spy. Det var ei gruppe frå Tiuren barnehage, og læraren heitte Ellen. "Dette er dei eldste, og dei likar å tøffe seg. Skulle absolutt opp hit og sjå kva som hadde brunne. Eg utfordra dei på om dei ville ta brattaste råsa rett opp frå husa her nede i Solsidevegen. Og, gjett kven som kom sist og hadde det tyngst oppover!" "Eg og Ellen," sa ein plugg som heldt læraren sin i handa og stod og såg og høyrde på oss vaksne mens vi helste på kvarandre. Han heitte Markus, fortalde han, og var snar til å fortelje at gruppa deira heitte Snøkvit-dvergane, for dei var sju i talet. Best det var, sleppte han handa til Ellen og kom bort og ville leie meg med seg bort til restane av bålet: "Det har vore gummibål attmed rundkjøringa på Storset også, og så eit oppe på Høgsetra," kunne han fortelje. "Det er rånarane som er sinte på dei nye sjefane på bruket." Han stod og såg beint opp på meg: "Alle vi som er snøkvitdvergar skal bli helikopterflygarar og sløkke skogbrannar." Og eg måtte kvittere: "Eg har ei venninne frå Sverige som er helikopterpilot." "Sløkkjer ho skogbrannar?" "Det gjer ho sikkert, men ein gong eg sat på med henne, landa vi attmed ein skule ute i skogen som nettopp hadde brunne ned. Vi hadde med oss to politiar som skulle finne ut om brannen." "Eg trur ikkje politiet greier å ta rånarane." To andre snøkvitdvergar hadde slått an på Magnvald og skulle etter tur ha han til å løfte seg opp og kjenne kor tunge dei var. Etterpå måtte han kontroll-løfte dei. Magnvald! den gongen du bar meg i hus i armane dine, og det var første gongen det var berre du og eg, heile resten av kvelden og heile natta og enda to heile dagar. No var det sju fem-åringar Magnvald måtte løfte i tur og orden, og eg som ikkje hadde tatt med kamera! Det gjekk ein iling gjennom magen min. Kva tid kunne eg vere sikker på om eg verkeleg var gravid? Skulle vi få ei jente eller ein gut som vi kunne leie og gå tur med, og som Magnvald kunne løfte og bere på nakken? Berre alt ville gå bra! Hendy og Ellen stod halvt alvorlege for seg sjølv og såg ut som dei drøfta noko. Så ropte Sofie ikring seg og klappa i hendene: "Hallo, alle saman, hallo, hallo! Kom hit! Kom hit!" "No var vi heldige, skal de vite," fortalde ho til ungane. "Denne dama her heiter Hendy, og du Olav og Amalie som bur i Elgvegen kjenner jo henne! Ho seier at ho kan låse opp døra til huset, og vi kan få kome inn og ete nista vår." Innandørs i Gamledirektøren var golvet kosta om ikkje nyvaska. I hovud-rommet var det rikeleg med sitjeplassar rundt fire velbrukte kantinebord som var sette saman til eit kvadratforma romsleg fellesbord. Ellen fekk ei viss ro over forsamlinga, og dei song "Og du som mettar liten fugl" før ho delte ut nisteboksane som ho hadde hatt i sin ryggsekk. Og så menn var det ikkje sherpaen Ellen som også hadde med seg pappbeger og saft å blande ut! Ho hadde fått oss fire vaksne til å plasserer oss i selskapet slik at ungane hadde ein vaksen på eine sida av seg og ein kamerat på hi, men for å få det til å gå opp vart ei jente som heitte Sylvelin og hadde fletter sitjande mellom Magnvald og meg. Det var ein bordsete-kabal som gjekk vakkert opp! Det vart mat og prat og stor stemning. Da vi skulle avslutte bordseta, ville Ellen vite kva song dei skulle syngje til ære for Hendy og Magnvald og Berly? "Stakkars vind" kom det samstemt, og Ellen forklarte: "Det er jo slutt på vinteren, men dette er ein adjøsong som vi synest er så fin at vi likevel har tenkt å syngje han heilt til sommarferien, trur vi!" Og så song dei heilt nydeleg "Godnatt-rim" av Arnljot Eggen:
13. Det kom to bilar med firhjulsdrift og henta heile gjengen frå Tiuren barnehage. Bilvegen kom opp frå motsett side av der vi hadde tatt oss fram etter den uflidde råsa opp frå Elgvegen. - Bilvegen er eigentleg stengd med ein bom, men i tider som dette skal det meir til enn ein hengelås å halde visse bilar i sjakk, sukka Hendy. Da vi gjekk inn att i huset gjennom døra på baksida, såg eg at det var ein attgrodd gangstig frå huset og beint opp i storskogen. Alle vegar fører til Rom, men no visste eg at i alle fall minst fire vegar fører til og frå Gamledirektøren. ┼
-----------------
Forrige kapittel Neste kapittel For tilbakemelding: enok@kippersund.no
14.09.09 |