Petrus på djupt vatten - 6 

Tre pionerar      

Kjære tausa!

Du hugsar Gudbrand som av og til sender meg ei helsing i posten! No sist lovde han meg å sende kopi av noko han hadde funne i ei bok, og i dag kom den kopierte teksten:

"Er det ein menneskeleg organisasjon som Guds ord kallar Jesu Kristi kyrkja, ja, er reformasjonen eit stort mistak. Då er det reformasjonen som har sprengt Jesu Kristi kyrkja, og då er det berre eitt samfunn i verda som har rett til å bera namnet kyrkja, og det er det katolske. - - -

Men er Jesu Kristi kyrkja eit åndssamfunn, er me alle eitt i Kristus, då er det ikkje spursmål om ein menneskeleg kyrkje-organisasjon, ei statskyrkja, ei folkekyrkja, eit selskap for indre eller ytre misjon, for ingenting av alt dette er Jesu Kristi kyrkja.

Kor er så kyrkja?

Ho er alle stader der det er omvende menneske.

Noko av den sanne kyrkja er i statskyrkja, fordi der er truande menneske der ogso. Noko er i frikyrkjene, noko i dei ymse misjonsorganisasjonar, og noko andre stader her og der i verda.

Men so spør folk pånytt: Kva er då dette som me plar kalla for kyrkja då?

Det er eit stillas me står på mens me held på å bygga Jesu Kristi kyrkja.

Om so stillaset skulle siga i grus ein dag, som det forresten kjem til å gjera, so står Jesu Kristi like godt for det. Ho "står om enn tårnene falle".

Var vi på jord ei mer enn to,

bygge dog ville han og bo

hos oss med hele sin nåde.

Og ein dag om ikkje lenge står Jesu Kristi kyrkja ferdig-bygd. Men då finst det heller ikkje meir eit einaste stillas. Då er statskyrkja, folkekyrkja, frikyrkja og misjonsselskap borte for alltid."

Gudbrand hadde lese ein biografi om mannen som skreiv dette og blitt skikkeleg begeistra for han: "Nest etter Hans Nielsen Hauge er dette den største åndshøvdingen lekfolket har hatt i Noreg," skriv han.

Ludvig Hope, var namnet på "den største nest etter" Hauge, forstår eg. Veit du noko om han? Eg trur at han kjempa for ein fri nattverd d.v.s. at det ikkje var ein einerett for kyrkja å praktisere nattverden.

Gudbrand sende tre bilete: Det eine er ei teikning av Hope da han sat på Grini under krigen. Det andre eit bilete av Hope på hans eldre dagar. På det tredje ser vi Hans Nielsen Hauge etter eit maleri frå 1820. Han var ein nybrotsmann og martyr i norsk kristenliv. Haugianarane var også pionerar i norsk industrireising.

     


Og før eg får tid til å gå vidare slik eg hadde tenkt, så kjem Edward med ei utskrift frå nettet. "Sjå her," seier han og peiker ned i arket med stjerneskrujernet: "George Fox, kvekar-pioneren, du må gi plass til han i dette stjernegalleriet. Det var karar som Terje Vigen som kom heim att frå prisonen i England, som hadde høyrt og lese om George Fox og vennesamfunnet som voks fram. Nokre hadde sikkert også direkte kontakt, kanskje med andre fangar i fengslet eller med hjelparar som kom for å gjere litt for fangane."

George Fox (1624 - 1691)

Eg undrast koss dei tre lekmannspionerane hadde kome ut av det med kvarandre om dei hadde kunna treffast på tvers av hundreåra?

Dette seier norske kvekarar i dag om korleis dei praktiserer si tru:

"Kvekerne opplever at Gud taler direkte til den enkelte. Når kvekerne samles til andakt, sitter vi i forventningsfull stillhet og venter på en personlig opplevelse av Guds nærvær. Noen i forsamlingen kan kjenne seg kalt til å formidle opplevelser eller innsikt som kan være til berikelse for andaktsmøtet. Enhver kan på denne måten være Den Hellige Ånds talerør, og kvekerne har derfor ikke noe ordinert presteskap. Kvekerne har tradisjonelt lagt liten vekt på ytre religiøse ritualer. Vi ser hele livet som sakramentalt og praktiserer ikke dåpsritualer med vann eller nattverdsritualer med brød og vin." (Kjelde: http://www.kveker.org )

Jaja, kjære tausa, tenkjer på deg - og det som du så ofte minner oss alle om: "Den som leitar, han finn."

leitehelsing frå ho stemortante

Du er velkomen til å kommentere eller å spørje om Berly-tekstane! Skriv til enok@kippersund.no

Helsing Enok Kippersund

          Hugen        Index til Berly-tekstane