Svingbord

Kjell Einar Fjørtoft

 

Då eg var liten gut, kunne eg vere rett ei plage for mor mi, stundom. Og at me budde på ei øy ute i havet gjorde det ikkje nett lettare. Med sjøen og kaiene så nært. Han far var no så mykje borte på fiske, og eg hadde ein lei vane med å springe ned til hamna straks eg høyrde ein båt kom, og skulle ta i mot far min. For eg hadde vel støtt ei sikker von om at det var båten han far var med som kom. Følgjeleg såg ikkje mor seg anna råd til slutt, enn at ho tjora meg i eit langt tau festa til bjørka ved trappa. Ho måtte det, stakkar, skulle ho vere trygg for gutungen. Men, der hadde ho forrekna seg! Han Besten kom heim, og då….. Han drog fram ein skarp tollekniv og kutta "trossa". Ikkje berre av, men opp i mange småbitar, med klar beskjed til mor om at "ein bind ikkje fast gutungar!!!"

No vart det no slik med meg, at eg heldt meg mykje i lag med han Besten. Følgjeleg vart no praten mykje gåande om sjøliv og båtar, då, veit du. Og eg forsynte meg glupsk av alt som vart servert om fiske og om båtar. Var vel ikkje så tungbedd om der dukka opp eit høve til å blamere med litt av alt eg visste heller, tenkjer eg.

Og han Besten drog meg med seg over alt. På land og på sjø. Eg fekk tidleg lære meg å ro, til dømes. Og vart tidleg innprenta viktige reglar for livet ved havet. Så som til dømes aldri å rope høgt om du er ved sjøen. Ropar gjer ein berre dersom ein er i naud og treng alarmere for hjelp. Aldri rope ved/på sjøen!!

So var det det skjedde ein dag, då, eg kunne vel vere ein 5 – 6 år, i –57 eller –58, at eg skulle kome til å mæle dei orda som eg skulle verte erta for heile min barndom og oppvekst. Det skjedde slik, ser du, at han Besten hadde meg med seg om bord i båten som låg på utfar borte på hamna. No var me på veg til lands att, roande i ein jolle. Det vil seie, han Besten rodde, og eg halvt hang over ripa nyfiken glanande etter det som måtte finnast å sjå på. Me hadde jollen belagd til brygga like ved der rutebåten pla leggje til, og me var nesten til lands komne. No høvde det seg slik nett då, at rutebåten frå byen var ventande kvart øyeblikk, så "mottakings-komiteen", både vaksne og born, var samla på kaia.

Og med eit slikt talrikt publikum for hand, måtte då eg sjølvsagt nytte høvet til veslevaksent å leggje for dagen prov på litt av det eg meinte eg sat inne med av godt sjømannsskap. Til dømes hadde eg høyrt om dette med styrbord og babord, trudde eg hadde lært dette, og meinte vel at høvet nett der og då var lagleg for å demonstrere for ’all verda’ min kunnskap ut i det maritime vokabular. I det Besten nett skulle til å legge til ved bryggja, så snudde eg meg bak til han og ropte rådgjevande: "Litt meir svingbord, Besten!"

Å akk, for ei ulykke! For ei ulykksaligheit! Med talrikt publikum på land, sværande takksam for slik uventa underhaldning, hadde eg her lagt grunnlaget for ei årelang plage. Svingbord? "Litt meir svingbord, Besten!"!? - Dette utsagnet skulle eg verte mint om straks eit høve til det baud seg fram gjennom heile min oppvekst, og vel så det…. Svingbord ? Ja,ja…

Men ikkje nok med det. Sjølv langvegs hadde orda fare, skulle det vise seg. Var det ikkje nemnt noko om ord og uransakeligheit ein stad?

I 1986 var eg og han Silas i Bergen på ei oppdrettsmesse i Bergenshallen, promoterande det me meinte var ei stor nyvinning for oppdrettsnæringa. Den første katamaran arbeidsbåt på markedet. Utvikla og bygd på Fjørtoft. Sikker og stødig, rett ein traktor for lønsam dyrking i oroleg hav. Havtraktor. Og til ferdsel ved tandrenotposar og viltert tauverk hadde ikkje båten propellframdrift. Nei, her fanst to vassjet-aggregat, totalt innebygde i skroga. Her stakk ingen ting ut som kunne hengje seg opp i not eller tauverk. Og båten kunne manøvrerast slik som helikoptera kan det i lufta. Like godt sidelengs som attover eller framover. Me var nok ikkje lite stolte der me stod presenterande vidunderet for ei heseblesande, ekspanderande oppdrettsnæring.

Borte i eine hjørnet på standen stod eit TV og synte levande bilete av fartyet, manøvrerande seg lett ikring ved eit oppdrettsanlegg. Og fartyet vekte oppsikt. Spesielt vekte manøvreringseigenskapane stor undring og åtgaum.

Då var det det skjedde, det som sjokkerte både han Silas og meg, slik at me begge måtte sette oss så fort at magesyra formeleg draup ut av øyrene våre. Nokre staute strilkarar stod hovudristande, undrande over kor fartyet manøvrerte, og den eine, ein sindig kar i 70-åra, utbraut: "Da va nåkke kor han manøvrerte den båten! Det kjem so føre meg det gutungen oppå Møre sa ein gong. – Litt meir svingbord, Besten!"…….

 

Fedraheimen           Hugen