johnny.jpg (66291 bytes) April-gjest: Johnny Bjøringsøy


 

'Estinj 'ass 'Ans

 

'Estinj 'ass 'Ans sto i 'æsinje 'ass 'Alvår å håt 'øy so det 'a vore 'akka 'alm.

For dei fleste kan vel dette sjå ut som noko uforståeleg sprøyt. Andre kanskje dreg kjensel på dette og endåtil forstår kva som står her.

For dette er den merkelege måten å snakke på som vert kalla halvemål. Eit språkfenomen som eg hugsar frå min barndom og som no diverre er lite eller ingen ting å høyre av lenger.

Denne regla, som eg fekk lære av mor mi, er det beste eksempel på halvemålet som eg veit om. Kanskje eg skal oversette til meir forståeleg språk:

"Hesten hans Hans, sto i hæsa hans Halvor og åt høy som om det hadde vore hakka halm."  Det er også blanda inn lokal dialekt. Ord som "hæsinje" (høyhæsa) og "hass" (hans) er typisk dialekt for bygda Bjørke i Hjørundfjorden, der eg bur og har vokse opp.

Eg forbind gjerne halvemålet med personar eg hugsar frå barndomen.

I nabolaget budde det til eksempel nokre, som vi kalla "gamle kjerringar", utan at det var noko negativt i det uttrykket. Særskilt hugsar eg ho "Joenne" (Johanne) og ho "Bia" (Jakobine).  Desse var av den "gode gamle sorten", myndige og strenge var dei utanpå, men med eit godt hjerte. Mange år med slit og strev hadde dei bak seg, mange born hadde dei fostra fram, stor omsorg hadde dei for sine. Dette var folk med livserfaring. Og halvemål.

- 'Ær i gara 'harbeida me før matinj, me gjæ'kje å sløynge slik so dissa 'orpinje ut i bya !

Klar tale. Dei visste at det måtte hardt fysisk arbeid til for å berge livet på landsbygda.

Frå tidleg morgon til seine kveld, knoga dei på. I fjøset, på åkeren, på markane, på kjøkenet. Men dei hadde likevel tid. Dei kunne ha tid til å setja seg ned, prate litt med oss borna. Ei skrukket og sleta hand kunne stryke oss over håret.

- Gud velsigne dej, banje mitt.

Eit eple kunne verta smugla inn i ein liten barneneve. Ja, endå til ei apelsin kunne det vanke. Dette var stort. Det var gode menneskje dette.

Det med tid, det var liksom enten eller. Når det stod på som verst, til eksempel når høyet i hesjane var tørt og måtte kjøyrast inn før regnet kom, skulle ein vakte seg vel for å hefte nokon unødig.

Men sjøl då måtte dei ha mat, og kjerringane måtte kna ihop ei brødeig når det røynte på.

Ein slik dag med høykjøyring og truande verutsikter, fekk han H'andrias (Andreas) beskjed om å kjøpe med seg litt gjær til brødbaksten. Han kjøyrde rett forbi buda med høylassa.

Soleis kom han H'andrias  med eit høylass, sleppte frå seg hesten, hadde ikkje tid å binde han, storma inn budadøra med fylgjande utrop:

- 'Estinj stæ lause h'utføre, h'ej ska 'a før ti øre i brennjende 'ast !

Og han H'andrias fekk det han skulle ha. Ho buda-Båra forstod med ein gong at han skulle ha for ti øre i gjær. I brennjende hast.

Enten ein likar det eller ikkje, har banning vore ein del av språket vårt. Kraftuttrykk av ymse slag forekom også i halvemålet. Notabasen hadde på ein måte lov til å nytte seg av dei sterkaste yttrykka.

- Men i 'eitaste 'elvete kara, no må de 'ive ut dinnja notalorvå før 'eile bronkjinj bjøynde å læje åt dokke !  (Bronkje = sildestim).

Ein litt svakare variant, var nærmast som daglegtale å rekne:

- H'orre 'eite det  kor 'anj 'ålkestøytte !  (Hålkestøyte = å gli og falle på glatta)

Det er ikkje tilfeldig eg har valgt 'estinj 'ass 'Ans. Eg føler ein slik samanhang mellom hesten og halvemålet. Då brukshestane vart vekk frå gardane, forsvant og halvemålet, meir eller mindre. Eg fekk oppleve den tida då desse sliterane vart bytta ut med traktor. Etter det vart det liksom ikkje det same korkje med gardsdrifta eller halvemålet. No byrja så mykje å skje, i større tempo enn det hadde vore før. Nye redskap til traktoren vart heile tida utvikla, og mindre og mindre skulle gjerast for hand. Vi var komne inn i "traktortida". Før det var det liksom ingen ting som forandra seg, alt vart gjort på same måten, år etter år.

Hesten ja, som sveitta og sleit og aldri klaga på noko som helst.

Eg kjem alltid til å hugse då den første traktoren var komen til gards og dagen kom då blakken måtte sendast på sin siste tur, med rutebåten til bya. Det var far min som måtte gå med hesten ned til rutebåten. Eg orka ikkje å vera med. Men eg måtte likevel ut på bakkekanten slik at eg såg då båten la frå kai.

Då kom tårene. - Farvel, du trufaste slitar.

Det vart ein tung dag.

 

Eg er svært glad og takknemleg for at eg fekk oppleve litt av tida før "traktortida". Sjølv om vi no har det svært bra, materielt sett, så er det dagar då alt går litt for fort, eg føler at eg ikkje heilt strekkjer til i eit krevjande samfunn. Då tykkjer eg det er godt å la tankane gå attende til den tida som no er så langt bak oss, men likevel så nær.

 Til ho Joenne, ho Bia og han H'andrias.

Og til 'estinj 'ass 'Ans.

 

 Johnny Bjøringsøy

e-post adresse: johnnbjo@online.no

 

<<<Gjestetavle