| Landskapsbilete (3) Av
Arne Ruset
Det er ein kald dag.
Elvane har rim i barten.
Bak neset
gjer fjorden seg eit ærend
inn i ei lita vik.
Der ligg han usett
og kan ta seg ein frostrøyk
i smug.
Diktet står i "Ut fjorden. Ein antologi frå Møre og
Romsdal Forfattarlag." Samlaget.1986.
Etterpå
blir månadsdikta sette opp på Dikthylla
Hugen |