| Kjellar Åsmund
Bjørnstad
Kjellaren i huset står full av vatn.
Dei la ny leidning frå brønnen, men gløymde
å drenere vekk den gamle kjelda. Nå
piplar ho inn, frå si åre på tvers,
langsmed dei isoporfôra røyra og
dekker kjellargolvet med sin spegel.
Vi kan ikkje opne lemmen utan å sjå dette.
Kvifor gådde vi det så seint?
I huset vi bare glimtvis bur i, har ei kjelde
trengd seg inn, endå vi bare ynskte brønnen.
Nå er det endå meir uråd å bu her, endå vi må.
I det fråflytte huset har kjelda meldt seg,
søker mot glipene, sig inn, stig.
Åsmund Bjørnstad (f.1951) debuterte i 1994 med diktsamlinga Innlandskap.
Diktet "Kjellar" er frå samlinga flyttesjau (Det Norske Samlaget 1997)
Etterpå blir månadsdikta sette opp på Dikthylla
Hugen |